Nanoetikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane får undervisning i forskings- og vitskapsetisk teori, med vekt på etiske og samfunnsmessige aspekt ved nanovitskap og nanoteknologi. Emnet vil vere tett koordinert med NANO300, og studentane skal gjennomføre ein systematisk forskings- og vitskapsetisk refleksjon med utgangspunkt i eit konkret saksfelt innan nanovitskap eller nanoteknologi, og helst retta mot eige mastergrads- eller ph.d.-prosjekt.

Læringsutbyte

 Etter å ha fullført emne, skal studentane:

1.kunne gjøre systematisk greie for etiske og samfunnsmessige aspekt ved nanovitskap og nanoteknologi (NanoVT)

2. kjenne til innhaldet i sentrale forskings- og vitskapsetiske prinsipp og retningslinjer, særleg Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT) sine retningslinjer og EU-kommisjonens "Recommendation on a Code of Conduct for Responsible Nanosciences and Nanotechnologies" (CoC)

3. kunne identifisere etiske og samfunnsmessige aspekt og problemstillingar ved sitt eige forskingsarbeid

4. kunne analysere aspekta og problemstillingane nemnd i punkt 3, mellom anna ved bruk av NENT-reglane og CoC, munnleg og skriftleg, i ein uttrykksform som er forståeleg for fleire enn spesialistar i nanoVT

5. kunne reflektere kritisk omkring vitskapsetiske og forskingspolitiske spørsmål, både på eit generelt og eit konkret nivå

6. kunne omsetje konklusjonane av eigne forskings- og vitskapsetiske analyser til tilrådingar til konkret handling

Læringsutbyttet bidrar mellom anna til å oppfylle følgjande generelle krav i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket:

"Kandidaten kan reflektere over egen faglig utøvelse og justere denne under veiledning" (1. syklus)

"Kandidaten har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillinger" (1. syklus)

"Kandidaten kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillinger" (2. syklus)

"Kandidaten kan gjennomføre et [...] forskningsprosjekt [...] i tråd med forskningsetiske normer" (2. syklus)

"Kandidaten kan kommunisere om faglige problemstillinger, analyser og konklusjoner innenfor fagområdet, både med spesialister og til allmennheten" (2. syklus)

"Kandidaten kan identifisere nye relevante etiske problemstillinger og utøve sin forskning med faglig integritet" (3. syklus)

Emnet er ikkje tilrettelagt for å oppfylle kravet om å "beherske fagets vitenskapsteori", og det kan derfor ikkje ventast at NANO310 fullt ut fyller kravet til vitskapsteori og etikk i PhD-graden.

 

Undervisningssemester

Haust.

 

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Tatt opp til masterstudiet eller Ph.d.-studiet i nanovitskap ved UiB.
Tilrådde forkunnskapar
Vitskapsteori og etikk tilsvarande examen philosophicum (Realistvarianten).
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein 10-15 siders skriftleg analyse av etiske og samfunnsmessige aspektar ved eige eller eit anna nanovitskapelig forskingsprosjekt. Det skriftlege arbeidet (semesteroppgåve) vil bli vurdert som eit eksamensarbeid. Deltaking på fem av seks førelesingar. Deltaking på fem av seks kollokvium. Munnleg presentasjon av utkast til skriftleg arbeid i kollokvium.

 

Vurderingsformer

Godkjent semesteroppgåve. Aktiv deltaking på kollokvia, inkludert munnleg presentasjon av eiga semesteroppgåve, og oppmøte på førelesningane. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.  

 

Karakterskala

Bestått eller Ikkje bestått.

 

Vurderingssemester
Kun vurdering i semestre med ordinær undervisning. Se Vurderingsformer.
Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31