Hjem
Utdanning

Emnebeskrivelse for NAT621 Naturfag 1: Biologi, haust 2020

Fulltid/deltid

Deltid 50 %

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målsettinga med kurset er å gi fagleg bakgrunn for undervisning om biologisk mangfald, molekylærbiologi, evolusjon og berekraftig utvikling. Vidare skal emnet gi innsikt i didaktisk forsking om naturfagundervisning generelt og innan dei omhandla tema spesielt. Emnet legg til rette for utprøving av undervisningsmetodar innafor tema, og drøfting av røynsler med elevar.
Under tema biologisk mangfald blir botanikk og marinbiologi særleg vektlagt. Førelesningar om tema blir knytt til utforskande feltarbeid, klasseromsundervisning og tilknyting til læreplan. Temaet `Evolusjon¿ legg vekt på dei grunnleggande mekanismane i evolusjonsprosessen. Misoppfatningar og sentrale omgrep blir drøfta.

I temaet molekylærbiologi blir forsking om grunnleggande prosessar i cella presentert. Kunnskap om bioteknologi blir sett i samanheng med samfunnsaktuelle problemstillingar. Fagkunnskapen blir sett i samanheng med undervisning og tverrfaglege tema i skulen.

Temaet berekraftig utvikling vert knytt til fagstoff om biologisk mangfald, men også til andre naturfaglege tema som til dømes klima.

Læreplanen for det aktuelle skoleslaget skal vere i bruk under studiet . Dette gjeld både naturfagplanen, overordna del og tverrfaglege tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • beskrive prinsippa i berekraftig utvikling og gi eksempel på korleis det kan undervisast i naturfag, og tverrfagleg i skulen
  • forklare sentrale cellulære og molekylære prosessar
  • forklare mekanismane som ligg til grunn for evolusjonsteorien
  • forklare kvifor biologisk mangfald er viktig
  • vise samanhengen mellom dei ulike delane av biologien

Ferdigheiter

Studenten kan

  • legge til rette for diskusjonar knytt til etiske problemstillingar innan bioteknologi
  • legge opp til, gjennomføre og evaluere undervisning i dei aktuelle biologiske tema
  • gjennomføre feltarbeid og bruke det til å understøtte læring i eigen undervisning
  • bruke relevante digitale hjelpemidlar for identifisering og registrering av artar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • planlegge og gjennomføre undervisning i aktuelt skoleslag, om emna som er tatt opp i kurset
  • ta i bruk naturfagdidaktisk forsking, læringsteori, læreplan og fagkunnskap i oppbygginga av naturfagundervisning
  • ta i bruk varierte metodar for normativ og formativ evaluering
  • bruke fagspesifikke digitale hjelpemiddel i tilrettelegging og undervisning
  • delta i utvikling av naturfagundervisning på eigen skole
  • rettleie i kritisk tenking og argumentasjon i arbeidet med naturfaglege tema

Krav til forkunnskapar

Godkjent lærarutdanning. Det er òg ei føresetnad at deltakaren har tilgang til ein skuleklasse med høve til å prøve ut naturfagundervisning.

Tilrådde forkunnskapar

Undervisningserfaring frå grunnskule og/eller vidaregåande skule. Kjennskap til naturfaget.

Krav til studierett

Emne er ope for studentar som har fått plass gjennom det statlege tilbodet "kompetanse for kvalitet", og for søkjarar som fyller krava og søkjer direkte opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er lagt opp med tre samlingar, oppgåver, og faglege diskusjonar på Mitt UiB.

Oppgåvene skal vere knytt til tema frå samlingane, til eigen praksis og til litteraturen. Oppgåvene blir løyst i gruppe, og oppgåvesvaret er ein artikkel som blir levert på Mitt UiB. Ei av oppgåvene blir fagfellevurdert.

Diskusjonane har didaktiske tema som førebur, fyller ut eller gir perspektiv på tema for samlingane. Svar til desse kan vere gruppevis eller individuelle. Eksamen er basert på pensum, stoff som blir lagt fram på samlingane, eigne oppgåver og deltaking i diskusjonane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80 % deltaking på samlingane

3 oppgåver skal vere godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Vurderingsform på kurset er munnleg eksamen i gruppe med individuell karakter. Eksamenssamtalen varer ein klokketime.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne under eksamen, men det vil virke forstyrrande på samtalen om gruppene bruker tid på å gå gjennom bøker, materiell eller liknande i for stort omfang.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturliste vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

Utdanningsdirektoratet evaluerer videreutdanningskursa årleg, med spørreskjema til studentene.

Programansvarleg

Skolelaboratoriet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på emnet.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt naturfag@skolelab.uib.no

Administrativt ansvarleg

 Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Skolelaboratoriet i realfag.

Kontaktinformasjon

Kontaktadresse for rettleiing og spørsmål: naturfag@skolelab.uib.no