Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Naturfag 1: Kjemi

Fulltid/deltid

Deltid 50 %

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målsettinga med kurset er å gi fagleg bakgrunn for undervisning om kjemi og det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Vidare skal emnet gi innsikt i didaktisk forsking om naturfagundervisning generelt og innan dei omhandla tema spesielt. Emnet legg til rette for utprøving av undervisningsmetodar innafor tema, og drøfting av røynsler med elevar.

Kjemi er hovudtema i kurset. Først blir den uorganiske kjemien, og kjemiens grunnprinsipp tatt opp. Med utgangspunkt i periodesystemet, stoffa og eigenskapane går vi gjennom kjemiske reaksjonar og bindingar, syre/base, og redoksreaksjonar. Neste del dreier seg om organisk kjemi, med karbonkjemien som sentralt element, sett i samanheng med petroleumskjemi, fotosyntese og karbohydrat. Siste del av kurset tar kjemikunnskapen over til undervisning om mat, helse og miljø. I denne delen er det òg fokus på livsmeistring.

Læreplanen for det aktuelle skoleslaget skal vere i bruk under studiet. Dette gjeld både naturfagplanen, overordna del og tverrfaglege tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • forklare kjemiske reaksjonar og bindingar
  • anvende periodesystemet for å beskrive grunnstoffas kjemiske eigenskapar
  • skildre oppbygging og eigenskapar til hovudgruppene av organiske stoff
  • legge fram sentrale helsetema

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar laboratorieteknikk som er aktuell i skolen
  • kjenner og bruker sikkerheitsreglar og miljøomsyn i kjemiundervisninga
  • bruker kjemiens nomenklatur og formelverk
  • kan undervise om sentrale tema for god folkehelse
  • vurderer, analyserer og legge frem helseutfordringar ungdom har

Generell kompetanse

Studenten kan

  • planlegge og gjennomføre undervisning i aktuelt skoleslag, om emna som er tatt opp i kurset
  • ta i bruk naturfagdidaktisk forsking, læringsteori, læreplan og fagkunnskap i oppbygginga av naturfagundervisning
  • ta i bruk varierte metodar for normativ og formativ evaluering
  • bruke fagspesifikke digitale hjelpemiddel i tilrettelegging og undervisning
  • delta i utvikling av naturfagundervisning på eigen skole
  • rettleie i kritisk tenking og argumentasjon i arbeidet med naturfaglege tema

Krav til forkunnskapar

Godkjent lærarutdanning. Det er òg ein føresetnad at deltakaren har tilgang til ein skoleklasse med høve til å prøve ut naturfagundervisning.

Tilrådde forkunnskapar

Undervisningserfaring frå grunnskole og/eller vidaregåande skule. Kjennskap til naturfaget.

Krav til studierett

Emnet er ope både for studentar som har fått plass gjennom det statlege tilbodet ¿Kompetanse for kvalitet¿¿, og for søkarar som fyller krava og søker direkte opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er lagt opp med tre samlingar, oppgåver, og faglege diskusjonar på Mitt UiB.

Oppgåvene skal vere knytt til tema frå samlingane, til eigen praksis og til litteraturen. Oppgåvene blir løyst i gruppe, og oppgåvesvaret er ein artikkel som blir levert på Mitt UiB. Ei av oppgåvene blir fagfellevurdert.

Diskusjonane har didaktiske tema som førebur, fyller ut eller gir perspektiv på tema for samlingane. Svar til desse kan vere gruppevis eller individuelle. Eksamen er basert på pensum, stoff som blir lagt fram på samlingane, eigne oppgåver og deltaking i diskusjonane.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studiet har tre samlingar, kvar på to dagar. Ei samling inneheld forelesingar, øvingar eller feltarbeid, drøfting og erfaringsdeling. Eigne arbeid mellom samlingane er integrert i kurset. Kvar studentgruppe legg fram sitt arbeid for dei andre kursdeltakarane, og arbeid gjennomført mellom samlingane er også tema på eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på samlingane.

3 oppgåvesvar skal vere godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

Vurderingsform på kurset er munnleg eksamen i gruppe med individuell karakter. Eksamenssamtalen varer ein klokketime.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne under eksamen, men det vil virke forstyrrande på samtalen om gruppene bruker tid på å gå gjennom bøker, materiell eller liknande i for stort omfang.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturliste vil vere klar innan 1. desember.

Emneevaluering

The Directorate for Education evaluates the continuing education courses each year by questionnaire to the students.

Programansvarleg

Skolelaboratoriet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på emnet.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt naturfag@skolelab.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Skolelaboratoriet i realfag.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontaktadresse for rettleiing og spørsmål: naturfag@skolelab.uib.no

Eksamensinformasjon