Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Naturfag i skolen 4

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Faglege og didaktiske emne som er relevante for undervisning på trinn 8-11 i skuleverket.

Tema for dei tre samlingane på kurset:

  • Fysikk
  • Geofysikk
  • Kjemi

Det fagdidaktiske innhaldet i kurset legg stor vekt på å engasjere eleven i eiga læring. Gjennom utforskande arbeidsmåtar, læringsdialog og andre metodar blir elevens eigne idear og forklaringar lagt til grunn for for dybdeforståing og tilpassa opplæring. Undervisninga får grunnfeste i elevens eigne førestillingar og forklaringar, i direkte samband med eigne opplevingar og erfaringar. I studiet vil det bli lagt vekt på at studentane arbeider med vurdering for læring, knytt til eigen praksis.

Det er fire hovudelement i pensum:

- Foredrag, artiklar og fagtekstar knytt til temaet på kvar samling

- Fagdidaktisk litteratur, forskningsartiklar frå naturfagdidaktiske tidsskrift

- Eigenproduserte artiklar, tekstane som blir produsert av gruppene i løpet av kurset.

- Læreplan, rettleiingar og føringsdokument frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet,

Læringsutbyte

Ved fullført kurs skal deltakaren kunne:

  • Vise korleis emna frå kurset kan undervisast i skulen, på relevant klassesteg og knytt til læreplanen
  • Gjere aktiv bruk av IKT både integrert i undervisning og til utviklings- og delingsføremål
  • Presentere eigne arbeid med didaktisk og fagleg tilrettelegging av emna det blir undervist i på kurset
  • Kombinere fagspesifikke tema med moderne læringsteori
  • Drøfte fagfeltas relevans og plass i skulen
  • Delta aktivt i ein delings- og utviklingskultur i skulen
  • Ta i bruk utforskande arbeidsmåtar og vurdering for læring, som vesentlege element for tilpassa opplæring og for dybdeforståing i faget
  • Meistre dei fagspesifikke tema som er underviste, på nivå med læreplan og lærebøker for trinn 8.-11.

Krav til forkunnskapar

Godkjend lærarutdanning

Tilrådde forkunnskapar

Undervisningserfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule.

Krav til studierett

Ope for lærarar med godkjend pedagogisk utdanning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt på samlingar, vanlegvis over to dagar.

Institutta har ansvar for kvar sine tema. Ei samling vil typisk vere sett saman med 50-60% forelesingar, 30% øvingar, labarorasjonar eller feltarbeid. Kurset har òg med drøfting, erfaringsdeling og rettleia gruppearbeid. Eigne arbeid mellom samlingane er integrert i kurset, og blir tema både på samlingane og til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studiet skal vere knytt til eigen praksis og undervisning i skulen.

Det blir gitt tre oppgåver kvart semester. To av oppgåvene er direkte kopla til undervisning på eigen skule. Den tredje oppgåva er òg praksisretta, men har større omfang, og kan vere dominert av didaktikk og læringsteori knytt til fagtema. Studentane arbeider i grupper med å utvikle god og grunngjeven undervisningspraksis. Dette arbeidet skal vere knytt til eigen skule og bidra til utvikling av naturfagundervisninga. Studentane skal vere aktive med å dele og drøfte arbeide sine, på kursets bloggside og med intern publisering av artiklane dei skriv. Studentane sine arbeid blir vurderte etter målsettingane for læringsutbytte.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen i grupper med individuell karakter. Skriftelege arbeid gjennom semesteret blir vurdert med godkjend/ikkje godkjend. Deltakarane må vere representerte med tre godkjende arbeid før eksamen. Godkjenning og tilbakemelding med rettleiing blir gitt skriftleg. Gruppene har innsyn i, og kan kommentere andre sitt arbeid.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Kontakt

Kontaktinformasjon

Skolelaboratoriet i realfag, naturfag@skolelab.uib.no, tlf 55582259, kontaktperson Frede Thorsheim

Eksamensinformasjon