Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Læring i naturfaga

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust [Autumn]

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet handlar om sentrale utfordringar i læring av naturfag og strategiar for å møte desse. Emnet tek opp bruk av dialogbaserte arbeidsformer og diskuterer bruk av praktisk arbeid og vurdering for læring basert på læringssyn som legg vekt på erfaringar og språkbruk. Gjennom skulepraksis og obligatoriske arbeidskrav vil emnet utvikla studentane sine evner til å observera og diskutera undervisningspraksis i lys av læringsteori. Emnet diskuterer elevaktive arbeidsmåtar, kompetanseomgrepet, læreplanen i naturfag og formålet med opplæring i naturfaga med vekt på omgrepa fagleg argumentering, deltaking, allmenndanning og grunnleggjande dugleikar.

Læringsutbyte

Studentane skal kunne:

Kunnskapar

  • gjera reie for kompetansetenking og sentrale funn ifrå kjente undersøkingar av læring og undervisning i naturfaga
  • greie ut om elevar sine læringsprosessar basert på omgrep sentrale i læringsteoriar.
  • gje døme på korleis forsøk og samtale kan fremma læring

Dugleikar

  • identifisere faglege grunnidear og planlegge korte undervisningsøkter som fremmer kognitiv og språkleg aktivitet hos elevane
  • undersøkje korleis ulike undervisningsmetodar verkar inn på elevane si deltaking og praktisering av grunnleggjande dugleikar
  • diskutere konkrete undervisningsaktiviteter i lys av kompetansetenking og omgrep frå sentrale læringsteoretikarar

Generell kompetanse

  • samarbeide med kollegaer/medstudentar for å undersøkje korleis elevane lærer.
  • diskutere korleis elevar responderer på ulike oppgåver og aktivitetstypar, både basert på eigne erfaringar og andre sine innspel.
  • formidla fagstoff, erfaringar og refleksjonar på ein oversikteleg måte og med klare døme

Krav til forkunnskapar

Ingen, men NATDID210 må normalt tas parallelt med praksisemnet KOPRA102.

Tilrådde forkunnskapar

PEDA120

Krav til studierett

Studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sitt lektorprogram i naturvitskap og matematikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

22 timer forelesning og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til dagane med skulepraksis

(Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i NATDID210 må normalt KOPRA102 være bestått.

Vurderingsformer

2 tekster i mappen, omfang tilsammen 3000 ord, minst 1000 ord per tekst,

bygge på de tre obligatoriske oppgavene. Alle mappetekstene skrives individuelt og levers samlet mot slutten av emnet. Karakter fastsettes på grunnlag av de to tekstene.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for fysikk og teknologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studieveileder@ift.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.

Eksamensinformasjon