Hjem
Utdanning
Årsstudium

Læring i naturfaga

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Gjennom skulepraksis og obligatoriske arbeidskrav vil emnet utvikla studentane sine evner til å observera og diskutera undervisningspraksis i lys av læringsteori.

Innhald:

Emnet handlar om sentrale utfordringar i læring av naturfag og strategiar for å møte desse. Emnet tek opp bruk av dialogbaserte arbeidsformer og diskuterer bruk av praktisk arbeid og vurdering for læring basert på læringssyn som legg vekt på erfaringar og språkbruk. Emnet diskuterer elevaktive arbeidsmåtar, kompetanseomgrepet, læreplanen i naturfag og formålet med opplæring i naturfaga med vekt på omgrepa fagleg argumentering, deltaking, allmenndanning og grunnleggjande dugleikar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjera reie for kompetansetenking og sentrale funn ifrå kjente undersøkingar av læring og undervisning i naturfaga
  • greie ut om elevar sine læringsprosessar basert på omgrep sentrale i læringsteoriar.
  • gje døme på korleis forsøk og samtale kan fremma læring

Ferdigheiter

Studenten kan

  • planlegge korte undervisningsøkter som fremmer kognitiv og språkleg aktivitet hos elevane
  • undersøkje korleis ulike spørsmål og oppgåver verkar inn på elevane si deltaking og praktisering av grunnleggjande dugleikar
  • diskutere konkrete undervisningsaktiviteter i lys omgrep frå sentrale læringsteoretikarar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • samarbeide med kollegaer/medstudentar for å undersøkje korleis elevane lærer.
  • diskutere korleis elevar responderer på ulike oppgåver og aktivitetstypar, både basert på eigne erfaringar og andre sine innspel.
  • formidla fagstoff, erfaringar og refleksjonar på ein oversikteleg måte og med klare døme

Krav til forkunnskapar

Ingen, men NATDID210-P må normalt tas parallelt med praksisemnet PPUPRA101.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og seminar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

22 timer forelesning og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til skulepraksis

Godkjent obligatoriske oppgåver er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.

For å kunne ta eksamen i NATDID210-P må normalt PPUPRA101 være bestått.

Vurderingsformer

2 tekster i mappen, omfang tilsammen 3000 ord, minst 1000 ord per tekst,

bygge på de tre obligatoriske oppgavene. Alle mappetekstene skrives individuelt og levers samlet mot slutten av emnet. Karakter fastsettes på grunnlag av de to tekstene.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studieveileder@ift.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.

Eksamensinformasjon