Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kvalitet i naturfagsundervisninga

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek for seg kriterier for kvalitet i undervisninga og korleis dei kan brukast til å leggje til rette for læring i naturfaga. Emnet tek opp ulike undervisningsformar i naturfag og korleis dei påverkar elevane sine aktivitetar i klasserommet. Det vert lagt særleg vekt på korleis kombinasjonar av metodane støttar opp mot læring. Emnet tek vidare opp rammekår for undervisninga som til dømes læreplanar, lærebøkar og andre ressursar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • greie ut om kvalitetskriterier for ulike undervisningsformar og deira forankring i forskinga
  • gjere rede for måtar å gi og få tilbakemeldingar på i ulike undervisningssituasjonar
  • gi døme på korleis undervisnings- og arbeidsformar kan utformast etter kvalitetskriteria

Ferdigheitar

Studenten kan

  • identifisere passande undervisningsformar for å oppnå ønska læringsresultat
  • bruke kunnskapar om tilbakemeldingar for å vurdere undervisningskvalitet
  • byggje aktivitetssekvensar som støttar bestemte læringsmål

Generell kompetanse

Studenten kan

  • drøfte ei avgrensa fagdidaktisk problemstilling basert på eigne erfaringar og litteratur
  • finne frem informasjon til utvalde naturfaglege emne og vurdere relevansen
  • bruke forsking og egne erfaringar til å forbetre undervisningssekvensar i samspel med sine med-studentar

Krav til forkunnskapar

Ingen. Emnet må normalt takast parallelt med KOPRA103 og PEDA122

Tilrådde forkunnskapar

PEDA120, PEDA121, NATDID210 og minimum 50 sp i naturfaglege emne

Krav til studierett

Studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sitt lektorprogram.

Arbeids- og undervisningsformer

22 timar (forelesning og seminar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til skulepraksis eller forelesingstema

(Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i NATDID211 må normalt KOPRA103 være bestått.

Vurderingsformer

i emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
Prosjektoppgåve

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.01 for vårsemesteret.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.

Institutt

Kjemisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kj.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.

Eksamensinformasjon