Hjem
Studentsider
Årsstudium

Naturfagsdidaktikk - undervisningskvalitet i teori og praksis

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNATDID212-P
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek for seg kriterium for kvalitet i undervisninga og korleis de kan brukast til å leggje til rette for læring i naturfaga. Emnet tek opp ulike undervisningsformar i naturfag og korleis dei påverkar elevanes aktivitetar i klasserommet. Her leggjast det særlig vekt på korleis kombinasjonar av metodane støttar opp mot læring. Emnet tek vidare opp rammekår for undervisninga som til dømes læreplanar, lærebøkar og andre resursar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • greie ut om kvalitetskriterier for ulike undervisningsformer og deira forankring i forskinga
  • gjere reie for måtar å gi og få tilbakemeldingar i ulike undervisningssituasjonar
  • gi døme på korleis undervisnings- og arbeidsformar kan utformast etter kvalitetskriteria

 Ferdigheiter

Studenten kan

  • identifisere passande undervisningsformar for å oppnå ønska læringsresultat
  • bruke kunnskapar om tilbakemeldingar for å vurdere undervisningskvalitet
  • byggje aktivitetssekvensar som støttar bestemte læringsmål

 Generell kompetanse

Studenten kan

  • finne fram informasjon til utvalde naturfaglege emne og vurdere relevansen
  • bruke forsking og eigne erfaringar til å forbetre undervisningssekvensar i samspel med sine medstudentar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NATDID210-P

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid.

Arbeids- og undervisningsformer

22 timar (forelesing og seminar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til skulepraksis eller forelesingstema

(Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i NATDID212-P må normalt emnet PPUPRA101 og 102 være bestått.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Munnleg eksamen, 30 minutt

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Der er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studieveileder@kj.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.