Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nevroestetikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNEU201
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Vår og/eller haust

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi brei innsikt i nevroestetikk, illustrert gjennom eit utval av særleg sentrale og nyare vitskaplege arbeid innan dette feltet. Grunnleggjande syns-fysiologi i persepsjon av form og farge står også sentralt. Eit anna mål er å tydeleggjere korleis moderne hjerneforsking kan vere ein reiskap til å forstå kreative mekanismar i paleoart.

Innhald:

Nevroestetikk ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv psykologi, nevrobiologi og kunst. I nevroestetikk nyttar ein metodar primært frå kognitiv psykologi i studiar av korleis hjernen reagerer på estetiske stimuli. Studiet tek opp tema som

*nevronal aktivering som svar på estetiske stimuli

*metode: ulike typar hjernescanning

*synets fysiologi

*estetikk og kognisjon i eit evolusjonistisk perspektiv

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* Har grunnleggjande kunnskapar om korleis estetiske stimuli aktiverer særskilde strukturar i hjernen og korleis kognitive og affektive faktorar interagerer i estetisk persepsjon.

*Er i stand til å forstå val av metode og eksperimentoppsett (paradigme) ut frå sentrale spørsmål som vert reist i den einskilde studien.

* Har innsikt i teoriar omkring estetikk i eit evolusjonistisk perspektiv.

Ferdigheiter

Studenten ..

*Kan grunnleggjande nevroanatomi og fysiologi.

*Kan forstå prinsippa for korleis ein bygger opp ein f-MRI studie ved hjelp av kognitiv subtraksjon.

*Kan tolke f-MRI bilete ved å identifisere Brodmann- område som vert aktiverte, og forstå endringane i aktivering frå situasjon a til situasjon b.

Generell kompetanse

Studenten ..

*kan nytta fagområdet sine uttrykksformer i sjølvstendig arbeid med sentrale faglege problemstillingar.

*har grunnleggjande forståing av naturvitskapleg tenking og metodikk: den hypotetisk- deduktive metode.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er god hjelp, men ingen føresetnad, å ha grunnleggjande kunnskapar i psykologi og/eller biologi på universitetsnivå.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultetet om å gå opp til særskild eksamen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar på om lag 14-16 dobbelttimar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane bli informert om dette ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen. Omfanget på oppgåva skal vere mellom 3500-4000 ord.

Karakterskala

A til F

Vurderingssemester

Vår eller haust, men ikkje fast.

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for kunsthistorie har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Per Olav Folgerø

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultetet v/Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast herStudierettleiar@lle.uib.noStudierettleiar@lle.uib.no

Studierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    23.09.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    30.09.2019, 13:00
    Trekkfrist
    09.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen