Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Nordisk fagdidaktikk

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

100-nivå i integrert lektorutdanning

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haustsemesteret. Tredje semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek nordisk som fag I. Femte semester for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen.  

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i nordisk fagdidaktikk for studentar som har valt nordisk som fag i lektorutdanninga. I innføringskurset legg ein særleg vekt på:

  1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.
  2. Språklæring og språkutvikling.
  3. Tekstforståing og tekstskaping.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i kva norskfagleg og nordiskfagleg kunnskap er, og korleis elevar kan tileigne seg og lære slike kunnskapar
  • har innsikt i sentrale styringsdokument for norskfaget
  • har innsikt i korleis elevar kan utvikle språkkompetanse og tekstkompetanse

Dugleikar

Studenten

  • kan orientere seg i faglitteratur og eksisterande teoriar innanfor nordisk fagdidaktikk
  • kan leggje fram erfaringar frå praksis og drøfte dei i lys av fagdidaktisk refleksjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over faglege og utdanningspolitiske problemstillingar knytte til norskfaget i skulen
  • kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg utvikling hos medstudentane

Krav til forkunnskapar

Minimum 15 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 eller NOSP102/NOSPAN101). PEDA120

KOPRA101 For studentar som tek nordisk som fag II: KOPRA102

Tilrådde forkunnskapar

Minimum 30 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 og NOSP102/NOSPAN101).

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Kurset er for studentar som tek nordisk som fag i lektorutdanninga.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet. 

Det vil vere obligatorisk  for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek nordisk som fag I, og obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek nordisk som fag II.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek nordisk som fag I.

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek nordisk som fag II.

Det er venta at studentane er til stades på det meste av undervisninga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamensforma er 4 timar skuleeksamen. Meir informasjon vert gitt i studiet. Instituttet avgjer ved loddtrekning om eksamen skal skrivast på nynorsk eller bokmål. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet skriftspråk seinast ei veke før eksamen. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget, vert rett og god språkføring vektlagd.

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skoleeksamen til heimeeksamen på 2 dagar, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Eksamenssvaret skal ha eit omfang på rundt 1500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje inkludert. 

Hjelpemiddel til eksamen

Gjeldande læreplanverk for norskfaget. 

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskav.

Litteraturliste

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gjev framlegg om spesifisert pensumliste i emnet. Pensum for NODI101 utgjer om lag 400 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    23.11.2020, 09:00
    Innleveringsfrist
    24.11.2020, 16:00
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen