Nordisk fagdidaktikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NODI101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje ei innføring i nordisk fagdidaktikk for studentar som har valt nordisk som fag i lektorutdanninga. I innføringskurset legg ein særleg vekt på:
- Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.
- Språklæring og språkutvikling.
- Tekstforståing og tekstskaping.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i kva norskfagleg og nordiskfagleg kunnskap er, og korleis elevar kan tileigne seg og lære slike kunnskapar
- har innsikt i sentrale styringsdokument for norskfaget
- har innsikt i korleis elevar kan utvikle språkkompetanse og tekstkompetanse
Dugleikar
Studenten
- kan orientere seg i faglitteratur og eksisterande teoriar innanfor nordisk fagdidaktikk
- kan leggje fram erfaringar frå praksis og drøfte dei i lys av fagdidaktisk refleksjon.
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over faglege og utdanningspolitiske problemstillingar knytte til norskfaget i skulen
- kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg utvikling hos medstudentane
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet.
Det vil vere obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek nordisk som fag I, og obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek nordisk som fag II.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Eksamensforma er 4 timar skuleeksamen. Meir informasjon vert gitt i studiet. Instituttet avgjer ved loddtrekning om eksamen skal skrivast på nynorsk eller bokmål. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet skriftspråk seinast ei veke før eksamen. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget, vert rett og god språkføring vektlagd.