Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeNODI111
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan og verte brukt.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har fire tema:

  • språkutvikling, språkkompetanse og kulturelt mangfald
  • lesing, litteraturdidaktikk og teksthistorie
  • skriveopplæring
  • norskfagleg danning og kunnskapssyn

Emnet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå, og leggje grunnlag for auka forståing av korleis norskfagleg innsikt og refleksjon kan bidra til å leggje til rette for språk- og litteraturopplæringa til elevane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har innsikt i korleis språkkompetanse, språkkunnskap og språklege læringsprosessar kan fremjast i opplæringa
  • har innsikt i leseprosessar og korleis elevar kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst
  • har innsikt i tilhøvet mellom danning, kunnskap og kompetanse i norskfaget
  • har innsikt i korleis elevar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn utviklar norskkompetanse
  • har innsikt i korleis elevar kan utvikla seg som skrivarar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen som er omtala ovanfor i eigne analysar av norskdidaktisk materiale
  • kan bruke kunnskapen ovanfor i eigen yrkespraksis
  • kan reflektere over norskopplæringa og elevane si læring i norskfaget
  • kan bruke kunnskapen ovanfor i arbeid med elevtekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet
  • kan formulere og grunngje eit fagsyn

Krav til forkunnskapar

  • Minst 55 studiepoeng på 100-nivå i nordisk språk og litteratur inkludert 5 studiepoeng i nordisk fagdidaktikk.
  • Fullført KOPRA101, KOPRA102 og KOPRA103, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen. 

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved HF-fakultetet, UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar: Minimum 12 timar fordelt på seks veker (ein dobbeltime i veka)

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Undervisningsverkstad kan vera aktuelt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori.

Vurderingsformer

Eksamensforma er sju dagars heimeeksamen med oppgjeve emne, ca. sju sider. Retningslinjer for oppgåva vert gjevne i studiet.

Instituttet avgjer målforma på eksamen ved loddtrekking. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet målform seinast ei veke før eksamen.

Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert rett og god spåkføring vektlagd.

Studentar som er utanlands i semesteret har same eksamen som dei andre studentane med mindre det finst kompatible fagdidaktikkeiningar der dei er.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F der F er stryk.

Jf. Universitets- og høgskolerådet: http://www.uhr.no/ressurser/temasider/karaktersystemet_1/tekst_som_beskriver_det_norske_karaktersystemet

Litteraturliste

 Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    13.03.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    20.03.2019, 13:00
    Trekkfrist
    27.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen