Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNODI201
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan og verte brukt.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet har tre hovudtema:

¿ lesing, litteraturdidaktikk og teksthistorie

¿ språkutvikling og språkkompetanse

¿ norskfagleg danning og kunnskapssyn

Emnet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå, og leggje grunnlag for auka forståing av korleis norskfagleg innsikt og refleksjon kan bidra til å leggje til rette for språk- og litteraturopplæringa til elevane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

*har innsikt i leseprosessar og korleis elevar kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst

*har innsikt i korleis språkkompetanse, språkkunnskap og språklege læringsprosessar kan fremjast i opplæringa

*har innsikt i tilhøvet mellom danning, kunnskap og kompetanse i norskfaget

Ferdigheiter

Studenten

*kan bruke kunnskapen som er omtala ovanfor i eigne analysar av norskdidaktisk materiale

*kan bruke kunnskapen ovanfor i eigen yrkespraksis

*kan reflektere over norskopplæringa og elevane si læring i norskfaget

Generell kompetanse

Studenten

*har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet

*kan formulere og grunngje eit fagsyn

Krav til forkunnskapar

¿ Minst 55 studiepoeng på 100-nivå i nordisk språk og litteratur inkludert 5 studiepoeng i nordisk fagdidaktikk.

¿ Fullført KOPRA101, KOPRA102 og KOPRA103, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning med master i nordisk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: 12 timar fordelt på seks veker (ein dobbelttime i veka)

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit fagleg innlegg.

Spesifikasjonane vert fastsette i undervisningsplanen for kurset. Studentar som er utanlands i semesteret får eit alternativt opplegg for obligatorisk aktivitet etter avtale med faglærar.

Det er venta at studentane er til stades på det meste av undervisninga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er fire dagars heimeeksamen med oppgjeve emne, ca 9000 teikn. Retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.

Instituttet avgjer målforma på eksamen ved loddtrekning. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet målform seinast ei veke før eksamen.

Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert rett og god språkføring vektlagd.

Studentar som er utanlands i semesteret har same eksamen som dei andre studentane med mindre det finst kompatible fagdidaktikkeiningar der dei er.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F der F er stryk.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@lle.uib.no

Studierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00

Eksamensinformasjon