Hjem
Utdanning
Masteremne

Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNODI302
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan og verte brukt.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vårsemesteret. 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek nordisk som fag I.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir innsikt i strategiar for å oppnå språk- og tekstkompetanse med utgangspunkt i tre hovudtema:

1. Skrivedidaktikk.

2. Tekstforståing i eit kulturperspektiv

3. Det fleirkulturelle og fleirspråklege norskklasserommet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar om

¿ skriveprosessar og vurdering av norskfaglege tekstar

¿ utvikling av språk- og kulturkompetanse i eit norskfagleg perspektiv

¿ tekstformer og tekstmodalitetar

¿ fagdidaktiske problemstillingar knytte til fleirkulturalitet og fleirspråklegheit i norskfaget

Ferdigheiter i å

¿ undersøke læring i eige klasserom i norskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori

¿ vurdere norskfaglege tekstar og gi læringsfremjande tilbakemelding

¿ drøfte styringsdokument for norskfaget

¿ vurdere læremiddel og arbeidsformer i norsk

Generell kompetanse til å

¿ gjennomføre norskfagleg utviklingsarbeid

¿ kunne vidareutvikle eigen kompetanse og skulen som kollegium og organisasjon

¿ drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring i norskfaget i høve til kulturelle mål for skulen

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200 nivå i nordisk språk og litteratur og norsk fagdidaktikk;

100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skulen i 7. semester.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning med master i nordisk

Arbeids- og undervisningsformer

Minst 8 dobbelttimar førelesingar og 2 dobbelttimar seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane

- ha ei munnleg framlegging der dei presenterer ein eller fleire pensumtekstar og drøfter den/dei i lys av eigne erfaringar og fagsyn

- motta rettleiing frå faglærar på semesteroppgåva

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamensforma er ei rettleidd semesteroppgåve som skal leverast innan seks veker etter oppgåveteksten er utdelt. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk, og skal gjevast i løpet av dei seks vekene. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 4000 ord (sirka 24000 teikn), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Pensum utgjer om lag 750 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg går fram av informasjon om emnet i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no