Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Norrøn dikting

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal blir i stand til å lese og forstå eddadikt og skaldedikt i original språkform, og å bli fortruleg med dei nøvendige hjelpemidla i dette studiet (grammatikkar, ordbøker, tekstutgåver og kommentarar).

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein student som har teke eksamen i NOFI109

- har grunnleggjande kunnskap om eddadiktinga, både gudedikt og heltedikt, og om både eldre og yngre skaldedikting

- har grunnleggjande kunnskap om metrikken i både edda- og skaldediktinga

- har grundig kunnskap om to eddadikt i original språkform

- har grundig kunnskap om ti strofer i dróttkvætt i original språkform.

Ferdigheiter

Studenten

- kan kommentere og analysere eit utval eddadikt og skaldestrofer i original språkform

- kan kommentere og analysere metrikken i ukjende eddadikt og skaldestrofer

- kan forklare bruken av heiti og kenningar i skaldediktinga

Generell kompetanse

Studenten

- kan setje seg inn i mellomalderkjelder med variabel ortografi

- kan sjå samanhengen mellom det fonologiske og det ortografiske nivået i eit språk

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Emnet har ingen spesifikke tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

NOFI109 overlappar fullstendig med delar av det tidlegare emnet NOFI102, slik at den som har emnet NOFI102, kan ikkje få poengutteljing også for NOFI109.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 3 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 3 veker.
I alt om lag 18 timar undervisning.

Undervisninga blir gjeven i den andre tredjeparten av semesteret.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av førelesningane og kollokvia sett under eitt.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Den munnlege eksamenen blir normalt halden ei eller to veker etter at undervisninga er over.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

A. Primærlitteratur

1. Eddadikt: to eddadikt på til saman minst 80 strofer.

2. Skaldedikt: 10 strofer i dróttkvætt.

B. Sekundærlitteratur

1. Ei konsis innføring på ca. 30¿50 sider i edda- og skaldedikt.

2. Eit utval kommentarar til edda- og skaldedikt.

Ei fullstendig litteraturliste blir lagd ut innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Eksamensinformasjon