Norrøn sagalitteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal gjere seg kjende med den norrøne litteraturhistoria, både gjennom oversynsverk og gjennom eit studium av tekstar i omsetjing. Hovudvekta vil bli lagt på kongesoger og islendingesoger.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI112

- har kunnskap om hovudtrekka i den norrøne litteraturhistoria

- har god kunnskap om sentrale tekstar blant kongesogene og islendingesogene

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan kommentere og analysere eit utval norrøne tekstar i omsetjing

- kan setje desse tekstane inn i eit litteraturhistorisk perspektiv

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan setje seg inn i litterære strukturar allment

- kan relatere litterær analyse til litteraturhistorie

- kan kjenne att og drøfte litterære trekk også i andre typar av tekstar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vårsemesteret

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen. Grunntekstane blir lesne i omsetjing.
Studiepoengsreduksjon
NOFI112 overlappar fullstendig med delar av det tidlegare emnet NOFI104 og vil ikkje gje utteljing i studiepoeng for studentar som har teke NOFI104.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.

2) Ei innleveringsoppgåve på 4-6 sider (8000-12000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og eventuelle vedlegg medrekna. Dersom studenten ikkje har levert eit tilstrekkeleg godt svar, må oppgåva leverast på nytt i klart betra stand.

3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum:

B. Primærlitteratur

Fire lengre kanoniske tekstar innanfor sjangrane i den klassiske sagalitteraturen, t.d.

1. To kongesoger

2. To islendingesoger

B. Sekundærlitteratur

1. Ei større eller to mindre norrøne litteraturhistorier, i eit omfang på rundt 300 sider.

2. Ei relativt kort innføring i sagalitteraturen, t.d. kap. 8 av Else Mundal i Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, Bergen: Fagbokforlaget (2013).

3. Eit utval på om lag 200 sider med artiklar eller utdrag frå monografiar om norrøn litteratur.

Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamenen.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium