Norrøn filologi særemne

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

NOFI210 omfattar eit spesialisert emne frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester, og krava til forkunnskapar vil kunne varierte noko. Faglærar vil gje nærare råd om dette.

Målet med emnet er at studentane skal få høve til å fordjupe seg i eit norrønt tema gjennom eit heilt semester. Det fungerer dermed som ei forlenging av eitt eller fleire av NOFI-emna på 100-nivået. Det tilrådde startgrunnlaget inneber også at emnet kan takast av studentar på faget nordisk, dersom dei minst har kunnskapar som svarar til NOFI101.

Kurset retter seg mot både bachelor- og masterstudenter, og det kan tas med flere kurskoder. Disse har til felles at studentene skal skrive ei heimeoppgave: i NOFI 250 en bachelor oppgave, i NOFI210 og NOFI300 ei semesteroppgave, og i NOFI 302 en heimeeksamen. I NOFI 303 er det en presentasjon (20-25 minutter) av et faglig tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærer, som også godkjenner presentasjonen.

Tema 2024: Germanic heroic legends

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI210

- har fått ei djupare innføring i eit norrønfilologisk tema, der det blir lagt vekt på kjennskap til og bruk av primær- og sekundærlitteratur som er sentral for temaet

- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

- har innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
NOFI101 eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel med fleire andre av NOFI-kursa på 100-nivå eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Kurset overlappar ikkje med andre emne.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar og rettleiing av faglærar på semesteroppgåva.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Undervisninga i NOFI210 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i NOFI250, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 300-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.

2) Ein kort presentasjon (15-20 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Arbeid med ei semesteroppgåve:

a) Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram til denne.

b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering. Denne fristen blir kunngjord på Mitt UiB.

c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleidd semesteroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.

Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Omfanget av oppgåva skal vere på 13-17 sider (31.200-40.800) teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.

Semesteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Den munnlege eksamenen omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.

Dersom studenten ikkje leverer semesteroppgåva eller stryk på denne, kan han eller ho ikkje møte til munnleg eksamen.

Det er ikkje høve til å bruke semesteroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for semesteroppgåva i det aktuelle semesteret.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

NOFI210 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.

Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane få tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk.

Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med semesteroppgåva har studenten full tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Under den munnlege prøva er ingen hjelpemiddel tillatne.

Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium