Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Norrøn filologi bacheloroppgåve

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI250 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei oppnår på andre NOFI-kurs. Emnet høver såleis for studentar som vil halde fram med eit masterstudium i norrøn filologi.

Vidare er målet med dette emnet at studenten skal få øving i å skrive ei sjølvstendig vitskapleg arbeid med rettleiing av faglærar. Bacheloroppgåva skal gje motivasjon for eit vidare studium på masternivå.

Tema hausten 2019:

Norrøne teksthistorier

Dette kurset skal gje ei innføring i tre utvalde norrøne tekstar, der vi skal sjå på tekstoverleveringa og tekstvariasjonen, forutan på innhaldet av sjølve teksten ¿ kort sagt på heile teksthistoria deira. Dei tre tekstane er Konungs skuggsjá, Þiðriks saga af Bern og Króka-Refs saga. Kurset rettar seg mot både bachelor- og masterstudentar, og det kan takast med fleire kurskodar. Desse har til felles at studentane skal skrive ei heimeoppgåve: i NOFI250 ei bacheloroppgåve, i NOFI210 og NOFI300 ei semesteroppgåve, og i NOFI302 ein heimeeksamen. Alle oppgåvene kan skrivast med grunnlag i ein eller fleire av dei tre tekstane som blir drøfta på kurset. Til hjelp for arbeidet med oppgåvene vil den siste delen av kurset bli avsett til rettleiing av oppgåvene, og både då og elles i kurset reknar vi med aktiv deltaking frå studentane.    

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein student som har teke eksamen i NOFI250

  • har fått ei djupare innføring i eit norrønfilologisk tema, der det blir lagt vekt på kjennskap til og bruk av primær- og sekundærlitteratur som er sentral for temaet
  • har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset
  • har innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling
  • kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand
  • kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur
  • kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling
  • kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form

Generell kompetanse

Studenten

  • kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg
  • kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse
  • kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt
  • kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Andre av NOFI-kursa på 100-nivå eller tilsvarande er sterkt tilrådde.

Studiepoengsreduksjon

Kurset overlappar ikkje med andre emne.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker.

I alt om lag 24 timar undervisning.

I tillegg kjem rettleiing av faglærar på bacheloroppgåva.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Undervisninga i NOFI250 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i NOFI210, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 300-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av undervisninga.

2) Ein kort presentasjon (15¿20 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Arbeid med bacheloroppgåva:

a) Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram til denne.

b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering. Denne fristen blir kunngjord på Mitt UiB.

c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleidd bacheloroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.

Studenten vel tema for bacheloroppgåva i samråd med faglærar. Omfanget av oppgåva skal vere på 17-23 sider (34 000-46 000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.

Bacheloroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Etter at bacheloroppgåva er vurdert, blir det halde ein munnleg eksamen. Denne prøva er ein diskusjon omkring bacheloroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.

Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.

Dersom studenten ikkje leverer bacheloroppgåva eller stryk på denne, kan han eller ho ikkje møte til munnleg eksamen.

Det er ikkje høve til å bruke bacheloroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for bacheloroppgåva i det aktuelle semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med bacheloroppgåva har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Under den munnlege prøva er ingen hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

NOFI250 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekster i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.

Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane få tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk.

Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    15.11.2019
    • Eksamensdel: Bacheloroppgåve

      Innleveringsfrist
      29.11.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen