Norrøn filologi spesialisert emne III
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeNOFI303
- Talet på semester1
- SpråkSkandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
NOFI303 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.
Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.
Kurset retter seg mot både bachelor- og masterstudenter, og det kan tas med flere kurskoder. Disse har til felles at studentene skal skrive ei heimeoppgave: i NOFI 250 en bachelor oppgave, i NOFI210 og NOFI300 ei semesteroppgave, og i NOFI 302 en heimeeksamen. I NOFI 303 er det en presentasjon (20-25 minutter) av et faglig tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærer, som også godkjenner presentasjonen.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI303
har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset
har god forståing av temaet i forhold til andre tema i norrønfilologien
har god innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg i form av ei førelesing
Ferdigheiter
Kandidaten
kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling
kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand
kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur
kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling
kan leggje fram og forsvare eit norrønfilologisk tema i ei offentleg førelesing
Generell kompetanse
Kandidaten
kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema
kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse
kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt
kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand
kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar i norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga
Krav til forkunnskapar
NOFI101 eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Kurset overlappar ikkje med andre emne.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i norrøn filologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar
Undervisninga på masternivå blir organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Det blir venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.
Undervisninga i NOFI303 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i andre NOFI-kurs på 300-nivå, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 200-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.
2) Ein presentasjon (20-25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.
Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Prøveførelesing på 30 minuttar over eit tema frå pensumet på kurset. Førelesinga skal framførast på norsk, dansk, svensk eller engelsk.
Temaet for prøveførelesinga blir fastsett av faglærar og kunngjort to veker før førelesinga skal haldast.
Rett før framføringa skal kandidaten levere ein skriftleg versjon av førelesinga til eksamenskommisjonen.
Etter førelesinga blir det halde ei munnleg drøfting på inntil 15 minuttar mellom kandidaten og eksamenskommisjonen.
Karakteren blir fastsett på grunnlag av prøveførelesinga og den munnlege drøftinga i etterkant.
Førelesinga er offentleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Under utarbeidinga av prøveførelesinga har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.
Under framføringa av prøveførelesinga og i den munnlege drøftinga i etterkant er ingen hjelpemiddel tillatne.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår og haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
NOFI303 har eit pensum på om lag 1000 sider av normal vanskegrad (¿vekta sider¿). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.
Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane få tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk.
Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Prøveforelesing