Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nordisk: Den eldre litteraturen

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå og med norrøn tid og fram til 1900. I tillegg inneheld emnet eit litteraturhistorisk og eit teoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer om lag 2/3 av emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.

Studentane vil få god kjennskap til sentrale nordiske, særleg norske, tekstar og forfattarskap frå norrøn tid og fram til 1900. Dei vil òg få innsikt i eldre litteratur og kulturutvikling. Emnet byggjer vidare på kunnskapane frå NOLI102 og er retta mot framtidige norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som har arbeid der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.

Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for den einskilde teksten. Men emnet skal òg bidra til refleksjon kring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar.

Emnet skal auke den sjangerteoretiske forståinga studentane fekk på NOLI102.

Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde til skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet skjønnlitteratur-sakprosa i eit historisk, estetisk og medialt perspektiv.

Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig og over tid med ei skjønnlitterær eller litteraturhistoriografisk problemstilling og til å drøfte dette arbeidet med dei andre studentane.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane:

Kunnskapar

- ha kunnskap om innhald, form og tematikk i den einskilde litterære pensumteksten

- ha kunnskap om sentrale nordiske, særleg norske forfattarskap frå og med norrøn tid og fram til 1900

- kjenne dei sentrale litteraturhistoriske periodiseringsomgrepa

Ferdigheiter

- drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av pensumtekstane

- kunne nytte dei mest sentrale periodiseringsomgrepa og problematisere dei ut frå relevant teori

- drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane og skiljet skjønnlitteratur-sakprosa med tekstar som døme

Generell kompetanse

- drøfte litteraturhistorisk plassering av eldre nordiske tekstar som ikkje er på pensum, og analysere slike tekstar ved hjelp av sjangerteoretiske omgrep

- samanlikne ulike tekstar med omsyn til litteraturhistoriske og sjangermessige trekk

- gje ei sjølvstendig utgreiing om meir spesifikke problemstillingar knytte til eit sjølvvalt litterært tema- drøfte samtidslitteratur i eit historisk perspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet tilrår at studentane avlegg eksamen i NOLI102 før dette emnet.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for NOLI103 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med NOLI103-L

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga varierer mellom førelesingar og seminar. (Tilsvarande 2 dobbeltimar i veka.)

Rettleiing på obligatorisk oppgåve.

Gjennomføringa av tilrettelagt kollokvium (som da kjem i tillegg til anna undervisning) er avhengig av ressurssituasjonen på instituttet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere eit skriftleg arbeid i løpet av semesteret.

Den obligatoriske oppgåva skal skrivast på bokmål.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar. På den skriftlege prøva vel studenten målform sjølv.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt stor vekt på om studenten skriv korrekt og godt.

Godkjend obligatorisk oppgåve er ein føresetnad for å gå opp til skriftleg eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Der er og vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet svarer til om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Episke og dramatiske tekstar har låg vekting. Instituttet fastset pensumet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    25.11.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    11.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen