Nordisk: Den eldre litteraturen (Fjernord)
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeNOLI103-F
- Talet på semester1
- Språk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningssemester
Haustsemesteret i «oddetalsår»
Undervisningsstad
Nettbasert undervisning. Ei helgesamling i Bergen
Mål og innhald
Emnet er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå og med norrøn tid og fram til 1900. I tillegg inneheld emnet eit litteraturhistorisk og eit teoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer om lag 2/3 av emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.
Studentane vil få god kjennskap til sentrale nordiske, særleg norske, tekstar og forfattarskap frå norrøn tid og fram til 1900. Dei vil òg få innsikt i eldre litteratur og kulturutvikling. Emnet byggjer vidare på kunnskapane frå NOLI102-F og er retta mot framtidige norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som har arbeid der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.
Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for den einskilde teksten. Men emnet skal også bidra til refleksjon omkring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar.
Emnet skal vidareføre det sjangerteoretiske utgangspunktet studentane fekk på NOLI102-F.
Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde til skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet mellom skjønnlitteratur og ¿sakprosa.
Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig og over tid med ei skjønnlitterær eller litteraturhistoriografisk problemstilling og til å drøfte dette arbeidet med dei andre studentane.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om innhald, form og tematikk i den einskilde litterære pensumteksten
- har kunnskap om sentrale nordiske, særleg norske forfattarskap frå og med norrøn tid og fram til 1900
- kjenner dei sentrale litteraturhistoriske periodiseringsomgrepa
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av pensumtekstane
- kan nytte dei mest sentrale periodiseringsomgrepa og problematisere dei ut frå relevant teori
- kan drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane og skiljet skjønnlitteratur-sakprosa med tekstar som døme
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte litteraturhistorisk plassering av eldre nordiske tekstar som ikkje er på pensum, og analysere slike tekstar ved hjelp av sjangerteoretiske omgrep
- kan samanlikne ulike tekstar med omsyn til litteraturhistoriske og sjangermessige trekk
- kan gje ei sjølvstendig utgreiing om meir spesifikke problemstillingar knytte til eit sjølvvalt litterært tema
- kan sjå nyare litteratur i eit historisk perspektiv
Tilrådde forkunnskapar
NOLI102-F. Instituttet tilrår sterkt at studentane tar eksamen i NOLI102-F før dette emnet.
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til NOLI103-F (Vidareutdanning).
Arbeids- og undervisningsformer
Nettbasert undervisning. Éi helgesamling med førelesingar, ca. 15 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere to skriftlege arbeid.
Dei skriftlege arbeida må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til eksamen i emnet. Eit av dei skriftlege arbeida skal skrivast på nynorsk, det andre på bokmål. Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen på om lag 4000 ord.
Prøva skal skrivast på nynorsk.
Prøva vert halden i slutten av semesteret.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i undervisningssemesteret.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust i «oddetalsår» og vår i «partalsår»
Litteraturliste
Pensumet svarar til om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Episke og dramatiske tekstar har låg vekting. Instituttet fastset pensumet.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultetet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her: evu@lle.uib.no
Eksamensadministrasjon: evu@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen