Nordisk: Litterær analyse og teori med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal auke studentane sitt medvit om ulike tilnærmingsmåtar til litterære tekstar. Pensum inneheld ei rekkje sentrale litteraturteoretiske tekstar i tillegg til nordisk samtidslitteratur. Teoritekstane vert presenterte og diskuterte, kvar for seg og i høve til kvarandre.

Læringsutbyte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane

- identifisere og problematisere grunnleggjande litteraturteoretiske problem

- ha oversyn over sentrale litteraturteoretiske fagtekster

- kjenne til ulike metodiske tilnærmingar til arbeid med litterære tekstar

Studentane skal kunne

- kjenne att og ta stilling til tolkingsmønster i sentrale fagtekstar.

- vere i stand til å produsere metodemedvitne lesingar av litterære tekstar

- kunne utvikle eigne problemstillingar knytt til arbeidet med skjønnlitteratur

- nytte eit relevant teoretisk omgrepsapparat

Studentane skal òg kunne

- drøfte ulike teoretiske problem knytt til litterære analyser

- skrive metodemedvitne fagtekstar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
NOLI102 og NOLI103-L eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
NOLI250, NOLI210-L, NORMAU642 og NOLI216
Krav til studierett
Emnet er berre ope for studentar med studierett på lektorutdanning med master i framandspråk, historie eller religionsvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsmengde: om lag 24 timar førelesingar og seminar.

Seminara legg opp til høg grad av studentaktivitet.

Rettleiing på bacheloroppgåve.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta med minst eitt førebudd munnleg innlegg i ein seminartime.

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva og motta rettleiing på ho.

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

For studentar som er på utanlandsopphald, blir emnet tilrettelagt med nettbaserte obligatoriske aktivitetar.

Vurderingsformer

Ei bacheloppgåve skriven under rettleiing. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid og skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Oppgåva må vise ein jamt god prestasjon der kandidaten viser god vurderingsevne og godt sjølvstende på dei viktigaste områda.

Målforma på bacheloroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Greidd/Ikkje greidd
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Pensumet er på ca. 650¿700 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlistene vil vere klare innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i nordisk litteratur
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium