Hjem
Utdanning
Masteremne

Nordisk: Litterært særemne

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNOLI320
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk og ev. dansk og svensk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.

Emnet er ein valfri del av mastergraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget.

Det tematiske innhaldet på emnet vert definert av studenten sjølv, i samråd med ein faglærar. Det kan føre vidare eit tema som er introdusert i andre delar av studiet, eller det kan ta opp ein annan deldisiplin innanfor nordisk litteratur, ev. av tverrfagleg art. Det er ein føresetnad at litteraturen ein legge opp er tilpassa 300-nivået.

Læringsutbyte

Kunnskap

  • ha brei og inngåande kjennskap til litteraturen på pensumet
  • kjenne til sentrale poeng i fagtekstane og dei grunnleggjande argumentasjonsformene i dei
  • ha godt oversyn over relevant forsking innanfor emneområdet
  • ha kunnskap om sentrale forskingsproblem knytt til emneområdet

Ferdigheiter

  • diskutere og vurdere den aktuelle primærlitteraturen og faglitteraturen
  • diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst
  • velje ut og vurdere bruken av teori i eige arbeid
  • skape eigne fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar

Generell kompetanse

  • skrive sjøvstendige fagtekstar innanfor eit avgrensa fagområde
  • grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eige tekstarbeid
  • velje ut relevant teori knytt til eit forskingsområde

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet kan takast av studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Det er berre høve til å ta emnet etter innvilga søknad. Frist for søknad er sju dagar før fristen for melding til eksamen i det aktuelle semesteret. Fagkoordinator for nordisk språk handsamar søknaden.

Arbeids- og undervisningsformer

Dette er eit sjølvstudium. Inntil seks timars rettleiing. Student og faglærar undersøkjer om det er mogleg å knyte studiet til forskingsseminar, kurs e.l. lokalt eller andre stader som vil betre læingsutbytet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere og få godkjent pensumliste.

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen med omfang på om lag 5000 ord.

Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamenen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F 

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Studenten utarbeider pensumet i samråd med faglærar. Det kan ikkje overlappe i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Fagmiljøet i nordisk litteratur

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    12.12.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    19.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    28.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen