Hjem
Utdanning
Masteremne

Nordisk: Prosjektførebuande emne

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNOLISP300-L
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk, ev. dansk og svensk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Hovudmålet med emnet er at studenten skal planlegge arbeidet med masteroppgåva si i samråd med oppnemnd rettleiar. Dette skal gjerast gjennom lesing av eit individuelt pensum og skriving ut frå det, og utforming av ei prosjektskisse.

Innhald:

Studentane førebur seg teoretisk og praktisk til arbeidet med masteroppgåva, dels i undervisning i gruppe, dels i samarbeid med rettleiar og dels ved sjølvstudium.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om eit sjølvvalt felt av nordistikken

Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne og vurdere relevant forskingslitteratur
  • kan bruke kunnskapen i avgrensa sjølvstendig forskingsarbeid på det sjølvvalde feltet
  • kan framstille og drøfte forskingslitteratur på det sjølvvalde feltet
  • kan planlegge eit forskingsarbeid og formulerer planane skriftleg
  • kan presentere og diskutere sine eigne forskingsplanar munnleg
  • kan diskutere andre sine forskingsplanar munnleg

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i kva komponentar som trengst i planar for eit forskingsarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Det er 10 studiepoengs overlapp med NOLISP300. Det er 5 studiepoengs overlapp med NOLISP302 og 5 studiepoengs overlapp med NOLISP303(-L).

Krav til studierett

Emne er ope for studentar med studierett på lektorutdanning med master i nordisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 4 timar med kombinasjon av førelesing og seminar tidleg i semesteret og om lag 4 timar seint i semesteret.

Individuell rettleiing gitt av rettleiaren, inntil fire timar per student, med slikt fokus som student og rettleiar finn tenleg (pensumgjennomgang, utkastvurdering osv.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av pensumliste for den individuelle delen (sjå Litteraturliste) innan 15. mars.

Seint i semesteret: Munnleg presentasjon av planane for masterprosjektet med bruk av presentasjonsprogram.

Presentasjonen skal ta om lag 10 minutt.

Diskusjon av presentasjonen til ein annan student, om lag 5 minutt.

Fylle ut og signere rettleiingskontrakt med tildelt rettleiar

Godkjent aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein mappevurdering. Mappa inneheld to tekstar:

  • Ein tekst på ca. 2000 ord der studenten brukar teori og metode på eit liknande materiale som det som skal handsamast i masteroppgåva. Oppgåva blir gitt av rettleiaren om lag midt i semesteret. Litteraturliste skal vere med som vedlegg utanom dei 2000 orda.
  • Prosjektskisse for masteroppgåvearbeidet på ca. 2500 ord, som normalt skal handsame tema, problemstilling/forskingsspørsmål, teoretisk grunnlag, faglitteratur og sekundærkjelder, faghistorisk plassering, avgrensing av primærkjeldene og vitskaplege metodar ¿ alt tilpassa det planlagde arbeidet. Framdriftsplan, tekstdisposjon og litteraturliste skal vere med som vedlegg utanom dei 2500 orda.

Begge tekstane skal leverast samtidig sist i semesteret. Studenten vel målform sjølv. Det blir sett éin samla karakter der prosjektskissa tel om lag 60 %. I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på om studenten skriv norsk korrekt og godt.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 650 sider av normal vanskegrad og består av ein fellesdel på ca. 300 sider og ein individuell del på ca. 350 sider.

Litteraturlista for fellesdelen vil vere klar innan 1. desember.

Pensumet for den individuelle delen må settast saman av studenten i samråd med rettleiaren, som godkjenner pensumlista.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no