Hjem
Utdanning
Masteremne

Mastergradsoppgåve i nordisk språk og litteratur

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNOLISP350
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk, ev. dansk og svensk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Studenten skal skrive ei masteroppgåve. Masteroppgåva er eit sjølvstendig, avgrensa vitskapleg arbeid som studenten skriv under rettleiing. I oppgåva må studenten dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet.

Innhald:

Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne innanfor nordisk språk eller litteratur. Norsk (nordisk) fagdidaktikk og norsk (nordisk) som andrespråk er her rekna som delar av nordistikken, og emne med tilknyting over disiplingrenser er òg moglege. Emnet kan vere moderne eller eldre språk eller litteratur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

* har avansert spesialisert forståing av sentrale empiriske, metodiske og teoretiske problemstillingar på eit forskingsfelt innanfor nordistikken

Ferdigheiter:

Studenten:

* kan finne og vurdere relevant forskingslitteratur

* kan gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg forskingsarbeid innanfor nordistikken

* kan skrive ei vitskapleg avhandling i ei språkleg og tekstleg form som passar til emnet

* kan gjere greie for, drøfte og vurdere kritisk metodiske og teoretiske val i forskingsarbeidet

* kan knyte eiga forsking til andre studiar på same forskingsfeltet

* skriv norsk korrekt og godt og kan strukturere lengre tekstar

Generell kompetanse

Studenten

* har god innsikt i korleis ein gjennomfører forskingsprosjekt

* har god forståing av relevante forskingsetiske spørsmål

* kan kommunisere om faglege problemstillingar på avansert nivå

Krav til forkunnskapar

NOLISP300 eller NOLISP300-L (ev. NOLISP302 og NOLISP303(-L)).

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på (1) masterprogram i nordisk språk og litteratur, eller (2) lektorutdanning med master i nordisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing i masteroppgåvearbeidet. Det normale er at studenten får individuell rettleiing, men grupperettleiing kan òg førekomme.

Det vert arrangert skriveseminar der det er forventa at studenten deltek i diskusjonar og med eigne bidrag. Seminara skal om mogleg drivast av studentane sjølv, mens faglærarar med relevant kompetanse deltek i diskusjonane.

Omfang og frekvens på seminara vil variere etter behov.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

* rettleidd masteroppgåve

* justerande munnleg eksamen

Masteroppgåva skal ha eit omfang på 70-110 sider. Vesentlege avvik frå dette er grunn til trekk i karakter. Ei normalside har om lag 2000 teikn eller 350 ord. Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sidetalet. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale.

Samandrag av innhaldet på norsk og engelsk skal takast med i oppgåva (om lag éi side kvar). Samandraga skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittelen på oppgåva, kort presentasjon av emnet, kva materiale oppgåva byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene), problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt konklusjonen og resultatet som oppgåva legg fram. Samandraga kjem etter litteraturliste og eventuelle vedlegg.

Studentar på integrert lektorutdanning skriv om lag éi side der dei gjer greie for profesjonsrelevansen i oppgåva, jf. Forskrift om rammeplan for lektorutdanning for trinn 8-13, § 3. Denne teksten plasserer ein etter samandraga.

Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Studentweb innan gjeldande frist.

Etter at masteroppgåva er godkjend og evaluert, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel på den munnlege prøva

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Emnet har ikkje pensum.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2019
    • Eksamensdel: Masteroppgåve

    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen