Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Medisinsk nomenklaturlære

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet er ei innføring i latin for studentar i human ernæring, odontologi og medisin. Emnet skal gi studenten kunnskap om det klassisk-latinske nominal- og deklinasjonssystemet til bruk i oppbygginga av latinskspråklege medisinske faguttrykk. Studenten skal opparbeide ferdigheiter til bruk og forståing av slike uttrykk seinare i studiet og i omgang med faglitteraturen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studentane..

  • har kunnskap om det klassisk-latinske nominal- og deklinasjonssystemet
  • har inngåande kunnskap om prinsippa for oppbygging av latinskspråklege medisinske faguttrykk

Ferdigheiter: Studentane..

  • kan bruke sin kunnskap til i å konstruere latinskspråklege medisinske faguttrykk, særskilt innanfor anatomien
  • kan bruke sin kunnskap til å tolke, forstå og vurdere desse uttrykka i undervisninga og i faglitteraturen

Generell kompetanse: Studentane..

  • kan reflektere over nytteverdien av den klassiske nomenklaturlæra og vise innsikt i den tradisjonen som denne læra står i

Studiepoengsreduksjon

MEDOD1 3 stp

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga omfattar førelesingar og lærerleia kollokviar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei prøve undervegs i semesteret må godkjennast for å kunne gå opp til endeleg eksamen.

Vurderingsformer

2 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått 

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

Kontakt

Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no

Emneansvarleg:
Sindre Horn, https://www.uib.no/personer/Sindre.August.Horn
Eller via studie.biomed@uib.no 

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    15.12.2022, 09:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    01.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen