Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kurs i norsk språk og kultur for framanddspråklege studentar, trinn 1

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNOR-U1
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk bokmål
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Norskkursene gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

Målgruppa for NOR-U1 er nybegynnarar eller personar med lite forkunnskapar i norsk.

Emnet er større enn NOR-INTRO og passar for dei som vil ta fleire norskkurs.

Emnet skal gjere studentane i stand til å forstå tydeleg norsk tale om tema frå daglegliv og studentliv og føre ein samtale på norsk om dei same emna. Det blir lagt vekt på at deltakarane skal kunne lese enkle autentiske tekstar på norsk og uttrykke seg skriftleg om tema knytta til daglegliv og studentliv.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studentane skal kunne lese, snakke og skrive om temaa som er gjennomgått på kurset.

 

Ferdigheiter

  • Dei skal kunne forstå munnleg tale om emne frå dagleglivet og kunne snakke om desse med så god uttale at kommunikasjonen ikkje blir hindra.
  • Dei skal kunne produsere enkle tekstar og kunne gi uttrykk for eigne meningar på eit enkelt språk.
  • Studentane skal kunne bruke dei grammatiske strukturane som har blitt behandla på emnet.

Generell kompetanse

  • Dei skal ha tileigna seg eit aktivt ordtilfang på ca. 1000 ord og eit noko større passivt ordtilfang.
  • Dei skal kunne kjenne igjen ord og uttrykk som dei har sett eller hørt tidlegare og dels forstå innhaldet i eit ord ut frå kjennskap til norsk morfologi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Det er fagleg overlapping mellom NOR-U1, NOR-INTRO og NOR-U1/2.

NOR-U1 kombinert med NOR-INTRO vil gi 15 studiepoeng til saman.

NOR-U1 kombinert med NOR-U1/2 vil gi 30 studiepoeng til saman.

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 80 timar med undervisning.

Det forventast at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.

Deltakarane skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Munnleg del av eksamen varar 15 minutt og består av ein samtale mellom eksaminator og ein eller to studentar. Skriftleg del av eksamen varar i 3 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt ein samla karakter. Her vil skriftleg del av eksamen telje ca 2/3, og munnleg del av eksamen tel ca 1/3. Både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8

Karakterskala

 Karakterskala fra A til F

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel være tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emneansvarlig.

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag

Kontakt

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    14.11.2019
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      28.11.2019, 09:00
      Varigheit
      3 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen