Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kurs i norsk språk og kultur for framanddspråklege studentar, trinn 1+2

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNOR-U1/2
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk bokmål
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

30

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U1/2 er eit intensivkurs som dekkjer emna NOR-U1 og NOR-U2 på eitt semester.

Kurset har rask progresjon.

I første del av kurset blir det arbeidd med tema og vokabular rundt eigen person, studiesituasjon, mat, klede, bustad, ver, fritidsaktivitetar og andre daglegdagse situasjonar og hendingar.

Seinare i kurset blir det brukt tekstar med emne knytta til daglegliv og studentliv og etter kvart tekstar med meir allmenne emne og frå norsk kultur og samfunnsliv.

Det blir arbeidd med sentrale delar av norsk morfologi, syntaks og uttale.

Diskusjon og skriftleg framstilling om allmenne emne inngår som viktige arbeidsformer. Studentane kan halde korte innlegg om sjølvvalde tema.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studentane skal kunne forstå normal norsk tale om allmenne emne og emne knytt til studium og studentliv.

Ferdigheiter

  • Studentane skal også med god uttale kunne diskutere og føre samtalar på norsk om dei same emna med basis i det ordtilfanget kurset gir.
  • Deltakarane skal kunne lese autentiske tekstar med tilnærma normal vanskegrad på norsk og uttrykke seg skriftleg om tema som blir tatt opp på kurset.
  • Studentane skal ha tileigna seg sentrale delar av norsk morfologi og syntaks.

Generell kompetanse

  • De skal ha tileigna seg eit aktivt ordtilfang på ca. 2000 ord og eit noko større passivt ordtilfang.
  • Dei skal kunne kjenne igjen ord og uttrykk som dei har sett eller hørt tidlegare og dels forstå innhaldet i eit ord ut frå kjennskap til norsk morfologi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Det er fagleg overlapping mellom NOR-U1/2 og emna NOR-INTRO, NOR-U1 og NOR-U2. NOR-U1/2 kombinert med eitt av desse emna vil derfor berre gi 30 studiepoeng til saman.

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 100 timar med undervisning.

Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.

Dei skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Munnleg del av eksamen varar 15 minutt og består av ein samtale mellom eksaminator og ein eller to studentar.

Skriftleg del av eksamen varar i 4 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt ein samla karakter. Her vil skriftleg del av eksamen telje ca 2/3, og munnleg del av eksamen tel ca 1/3. Både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8. Studentar som har vore oppmeldt i NOR-U1/2 tre gongar, kan ikkje melde seg opp til undervisning og eksamen verken i NOR-U01, NOR-U1 eller NOR-U2 på grunn av fagleg overlapping.

Karakterskala

 Karakterskala fra A til F  

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel være tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emne ansvarlig.

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    11.11.2019
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      25.11.2019, 15:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen