Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 2+3

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNOR-U2/3
  • Talet på semester1
  • Språk

     Norsk bokmål

  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U2/3 er eit intensivkurs som dekkjer emna NOR-U2 og NOR-U3 på eitt semester.

Kurset har rask progresjon.

Studentane arbeider med skjønnlitterære tekstar og tekstar med emne frå norsk samfunnsliv og historie, både frå lærebøker og aviser.

Autentisk materiale vil i andre halvdel av kurset utgjere ein stor del av lærestoffet.

Diskusjon og skriftleg fremstilling om allmenne og faglege emne vil inngå som viktige arbeidsformer, og det vil bli lagt vekt på at fremstillinga er nyansert, klar og logisk.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studentane skal kunne beherske hovedreglane i norsk grammatikk.

Ferdigheiter

  • Studentane skal vere i stand til å samtale på norsk om allmenne emne og føre en fagleg diskusjon på relativt flytande norsk.
  • De skal også kunne forstå forelesingar på norsk og ta notatar.
  • De skal kunne lese og forstå norske fagbøker, aviser og skjønnlitteratur utan særlege vanskar.
  • De skal kunne uttrykke seg skriftleg om allmenne og faglege emne utan feil som hindrar at meninga kjem fram.

Generell kompetanse

  • Studentane skal ha tilstrekkelege ferdigheiter og kunnskapar til å tilfredsstille det generelle norskkravet for å kunne studere ved universitet og høgskular i Noreg.

Krav til forkunnskapar

 NOR-U1 eller tilsvarende kunnskaper og ferdigheter i norsk språk.

Søkjarane må ha karakteren A, B eller C frå NOR-U1

Studiepoengsreduksjon

Det er fagleg overlapping mellom NOR-U2/3 og emnene NOR-U2 og NOR-U3. NOR-U2/3 kombinert med eitt av desse emna vil derfor berre gi 30 studiepoeng til saman.

Det er også fagleg overlapping mellom NOR-U1/2 og NOR-U2/3. Desse to emna kombinert vil derfor berre gi 45 studiepoeng til saman.

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Talet på plassar er avgrensa. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta kurset NOR-U2/3, enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte etter karakter.

Søkjarane må ha karakteren A, B eller C frå NOR-U1

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 100 timar med undervisning.

Det forventast at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.

Dei skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Munnleg del av eksamen varar ca. 15 minutt når eksamen er ein samtale mellom eksaminator og ein student og ca. 20 minutt når eksamen er ein samtale mellom eksaminator og to studentar.

Skriftleg del av eksamen varar i 5 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt ein samla karakter. Her vil skriftleg del av eksamen telje ca 2/3, og munnleg del av eksamen tel ca 1/3. Både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8. Studentar som har vore oppmeldt i NOR-U2/3 tre gongar, kan ikkje melde seg opp til undervisning og eksamen verken i NOR-U2 eller NOR-U3 på grunn av fagleg overlapping.

Karakterskala

 Karakterskala frå A til F  

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Pensumliste kunngjøres ved semesterstart.

Tekstmaterialet vil bestå av skjønnlitteratur, sakprosa og aktuelle avisartikler samt ulike typer oppgaver. Dette kan være en lærebok eller et kompendium. Studentene trenger også ordbok og grammatikkbok.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel vere tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emneansvarlig.

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no