Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 4

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNOR-U4
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk bokmål

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U4 er for viderekomne og bygger på NOR-U2/3 eller NOR-U3.

Emnet skal gjere deltakarane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil arbeide med autentiske tekstar med eit relativt høyt språkleg nivå, ordtilfang og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil gjennom aktiv deltaking få kunnskap om og innsikt i tema som norsk språk og litteratur og nokre aktuelle samfunnsspørsmål

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studentane skal beherske komplekse strukturar i norsk og ha eit ordforråd som gjer ein i stand til å forstå autentiske tekstar om allmenne og faglege problemstillingar på norsk. I tillegg må dei kunne oppdatere seg innan eige fagfelt og om allmenne emne.

Ferdigheiter

  • Studentane skal kunne forstå og snakke flytande om autentiske tekstar om allmenne og faglege problemstillingar på norsk
  • Dei skal også kunne forstå meir akademiske innlegg/foredrag om faglege og allmenne emne på norsk og vere i stand til å problematisere slike.
  • Dei skal utan særlege vanskar forstå norske akademiske tekstar frå ulike fagfelt.
  • Dei skal kunne uttrykke seg skriftleg og munnleg på norsk med variert språk, idiomatikk og komplekse strukturar

Generell kompetanse

  • Studentane skal ha gode nok språkferdigheiter til å både kunne formidle og oppdatere kunnskapane sine innan sitt eige fagområde og innan allmenne emne på både skriftleg og munnleg norsk.

Krav til forkunnskapar

Søkerne må ha karakteren A, B eller C frå NOR-U2/3, NOR-U3 eller tilsvarande kunnskapar og ferdigheiter i norsk språk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Talet på plassar er avgrensa. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta kurset NOR-U4, enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte etter karakter.

Søkjarane må ha karakteren A, B eller C frå NOR-U2/3 eller NOR-U3.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 50 timer undervisning.

Det blir forventet at studentane er forberedt og deltar aktivt i timene.

Det blir ikke undervisning på dette emnet dersom det ikke er mange nok søkere.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakere som er borte fra kurset mer enn 25 %, vil ikke få gå opp til eksamen.

De skal i løpet av kurset levere minst tre skriftlige oppgaver og holde et innlegg om et faglig emne.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktiviteter er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og de påfølgende to semestrene.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Munnleg del av eksamen varar ca. 20 minutt og er ein samtale mellom kandidat og eksaminator.

Skriftleg del av eksamen varar i 4 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt ein samla karakter. Her vil skriftleg del av eksamen telje ca 2/3, og munnleg del av eksamen tel ca 1/3. Både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8.

Karakterskala

Karakterskala A til F

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske

Kontakt

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.05.2019
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      15.05.2019, 09:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted