Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nynorsk for utanlandske studentar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal få kjennskap til tema som norsk språkhistorie og bakgrunnen for nynorsk og norsk språkpolitikk i korte trekk. Dei skal og verte kjende med viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk og hovudtrekka i nynorsk grammatikk.

Studentane skal dessutan lære å uttrykke seg skriftleg på nynorsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Kandidaten kjenner til norsk språkhistorie og bakgrunnen for nynorsk
  • Kandidaten kjenner til norsk språkpolitikk i korte trekk
  • Kandidaten kjenner til viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk
  • Kandidaten kjenner til hovudtrekka i nynorsk grammatikk

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan lese og forstå nynorske tekstar
  • Kandidaten kan skrive enkle tekstar på nynorsk
  • Kandidaten kan omsette enkle tekstar frå bokmål til nynorsk

Generell kompetanse:

  • Kandidaten kan hovudtrekk i norsk språkhistorie og språkpolitikk
  • Kandidaten kan hovudtrekk i nynorsk grammatikk
  • Kandidaten kan uttrykke seg skriftleg på nynorsk

Krav til forkunnskapar

Deltakarane bør ha språkkunnskapar i norsk bokmål tilsvarande NOR-U2/trinn 2-nivået frå universitet/høgskular

Krav til studierett

Ope for studentar som ikkje har norsk som førstespråk/ morsmål.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte til minst i 75 % av undervisninga.

Deltakarane må levere minst fem skriftlege oppgåver som skal godkjennast av faglærar.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgande to semestra.

Vurderingsformer

Tre timars skriftleg skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06. for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel vere tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emneansvarlig.

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    12.11.2019, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    29.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted