Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Norsk språk som andrespråk (fjernstudium)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNORAN101-F
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert studium 

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om korleis det norske språket er bygd opp, og hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular
  • har kjennskap til sentrale språklege likskapar og skilnader mellom ulike språk
  • har kunnskap om kva ved det norske språket som kan vere spesielt vanskeleg å lære for ein som skal lære seg norsk som andrespråk, og kvifor dette er vanskeleg
  • har innsikt i kva språklege trekk som kjenneteiknar innlærarspråk

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere og tolke innlærarspråk på alle språklege nivå
  • har lært seg å bruke grammatikk-bøker til å slå opp og finne stoff om språklege fenomen han treng å finne ut meir om
  • kan reflektere over kva språklege utfordringar personar som lærer seg norsk som sitt andrespråk, står overfor

Generell kompetanse:

Studenten

  • har ein kunnskapsbase om den norske språkstrukturen ¿

sett i eit komparativt og språkdidaktisk perspektiv ¿ som set han i stand til å kunne undervise i norsk som andrespråk ¿ og til å kunne tilføre ny innsikt i eige morsmål til personar som har norsk som førstespråk

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.

Gode norskkunnskapar (bokmål og nynorsk)

Studiepoengsreduksjon

NORAN101-F og NORAN101 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. NORAN101-F og NOSPAN101 har 10 studiepoeng fagleg overlapp.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til Norsk som andrespråk (Vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

Ein del av undervisninga vert gjeven som førelesingar i form av audio- og videogram og skrivne nettleksjonar. Ein minst like viktig del av undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er ein føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.

I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum på nettet, deltek studentane òg i nettgrupper. Denne nettgruppeaktiviteten, omfattar mellom anna nettkollokvium i ¿sann tid¿, i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett. Kvar student skal også presentere ei oppgåve for nettgruppa si og få rettleiing både frå medstudentar og faglærar (jf. obligatoriske arbeidskrav).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til ei oppgåve to gonger til fastsette fristar, først til nettgruppa og så til faglærar. I tillegg er det obligatorisk å kommentere oppgåvene til medstudentar i nettgruppa. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Deltaking i nettkollokvia er òg obligatorisk. Det vert stilt krav til aktiv deltaking etter nærare retningslinjer frå faglærar. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på seks timar og ei rettleidd oppgåve på ca 2500 ord.

Den skriftlege skuleeksamenen tel 60 % og den rettleidde oppgåva 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på begge delane for å stå på heile eksamenen.

Kandidaten nyttar målform etter eige val.

Kandidaten kan nytte sitt eige eksemplar av boka Norsk grammatikk av Jon Erik Hagen som hjelpemiddel ved skriftleg skuleeksamen.

Ved nytt eksamensforsøk i det undervisningsfrie semesteret eller det påfølgjande undervisningssemesteret er det eit krav at den obligatoriske rettleiinga vart godkjent i undervisningssemesteret Kandidaten kan då levere inn att den rettleidde oppgåva frå undervisningssemesteret. Kandidaten har høve til å forbetre oppgåva, men kan ikkje få ny rettleiing.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A -F.

Litteraturliste

Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: prisme@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Oppgåve og skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    21.11.2019
    • Eksamensdel: Oppgåve

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      05.12.2019, 09:00
      Varigheit
      6 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen