Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Andrespråkslæring og -undervising (fjernstudium)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNORAN104-F
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Nettbasert studium.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk, og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning. Såleis fell emnet naturleg i to delar, andrespråkslæringsteori og andrespråksdidaktikk, men dei to delane skal sjåast i samanheng.

Den språkslæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. Sentralt står spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ.

Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der elevens tospråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisninga vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag, med vekt på opplæringssituasjonen i Noreg. Hovudfokuset er på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor

I emnet inngår òg grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer språklege og læringsteoretiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i andrespråkslæringsteori
  • har innsikt i kva som karakteriserer innlærarspråk
  • har innsikt i språkdidaktiske spørsmål knytte til andrespråksundervisning
  • har kunnskap om ulike tospråklege undervisningsmodellar
  • har noko kunnskap om individuell tospråklegheit

Dugleik:

Studenten

  • kan gjere greie for andrespråkslæringsteoretiske spørsmål
  • kan analysere innlærarspråk i eit læringsteoretisk perspektiv
  • kan reflektere over val av innfallsvinkel i andrespråksundervisninga
  • kan reflektere over andrespråkslæring og andrespråksundervisning i lys av elevens tospråklegheit
  • kan kritisk analysere og drøfte retningslinjer og styringsdokument som gjeld språkopplæring for minoritetsspråklege elevar

Generell kompetanse:

Studenten

  • har tileigna seg eit læringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for å kunne undervise i norsk som andrespråk og vurdere undervisningstilbod for andrespråkslæring på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101-F Norsk språk som andrespråk, EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.

Gode norskkunnskapar (nynorsk og bokmål)

Studiepoengsreduksjon

NORAN104-F, NORAN104 og det tidlegare emnet NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NORAN104-F. (Vidareutdanning)

Arbeids- og undervisningsformer

Ein del av undervisninga vert gjeven som førelesingar i form av audio- og videogram og skrivne nettleksjonar. Ein minst like viktig del av undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er en føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.

I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum på nettet, deltek studentane òg i nettgrupper. Denne nettgruppeaktiviteten, omfattar mellom anna nettkollokvium i "sann tid", i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett. Kvar student skal også presentere ei oppgåve for nettgruppa si og få rettleiing både frå medstudentar og faglærar (jf. obligatoriske arbeidskrav).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til ei oppgåve to gonger til fastsette fristar, først til nettgruppa og så til faglærar. I tillegg er det obligatorisk å kommentere oppgåvene til medstudentar i nettgruppa. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Deltaking i nettkollokvia er òg obligatorisk. Det vert stilt krav til aktiv deltaking etter nærare retningslinjer frå faglærer. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på seks timar og ei rettleidd oppgåve på ca. 2500 ord.

Skriftleg skuleeksamen tel 60 % og den rettleidde oppgåva 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på begge delane for å stå på heile eksamenen.

Kandidaten nyttar målform etter eige val.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjente og gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Ved nytt eksamensforsøk i det undervisningsfrie semesteret eller det påfølgjande undervisningssemesteret, kan kandidaten velje om han vil ta opp igjen ein eller begge eksamensdelar. Den rettleidde oppgåva er oppgåva frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre oppgåva, men kan ikkje få rettleiing.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk

Litteraturliste

Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Studenten skal leggje opp tre innlærartekstar som kan danne grunnlag for obligatorisk aktivitet og/eller eksamen.

I tillegg til teoripensumet skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk som andrespråk, eitt for grunnskulen eller den vidaregåande skulen og eitt for vaksenopplæringa.

Han skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer knytte til desse.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no