Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNORAN106
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv kopla til både talespråk og skriftspråk.

Sentrale tema er tekstbinding, teksttype og sjanger, tekst i kontekst, andrespråksskriving og kontrastiv retorikk, språkfunksjonar og språkhandlingsteori.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i ulike teksttypar og sjangrar
  • har innsikt i kva utfordringar innlærarar står overfor når han eller ho produserer tekstar på andrespråket

Dugleik

Studenten

  • kan analysera tekstoppbygging i elevproduserte tekstar
  • kan analysera munnleg og skriftleg tekst i kontekst

Generell kompetanse

Studenten

  • har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC Språk og kommunikasjon

Studiepoengsreduksjon

Studentar som har teke NORAN115, må i samråd med faglærar erstatte delar av pensum for å kunne få full studiepoengutteljing for NORAN106.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstype og -mengd:

Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.

Studentkollokvium.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei øvingsoppgåve på om lag 1500 ord. Øvingsoppgåva skal skrivast på nynorsk.

Vurderingsformer

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen på 4 timar til seks timars skriftleg eksamen heimefrå, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. 

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 750 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.

Litteraturlista vil vera klar innan 1. desember.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    24.09.2020, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    10.09.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen