Testing og vurdering av språkferdigheiter

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet handlar om testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheiter. Sentrale tema er moderne språkvurderingsmetodar, kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av språkferdigheiter, og dei teoretiske føresetnadene som ligg til grunn for desse prinsippa. Emnet tek også opp etiske problemstillingar knytte til språktesting og testing i høve til fleirspråklegheit

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskapar om prinsipp for testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheit, og innsikt i dei teoretiske premissane som ligg under desse prinsippa
  • har innsikt i moderne språkvurderingsmetodar
  • ha innsikt i etiske problemstillingar knytte til språktesting.

Dugleik:

Studenten

  • kan gjennomføre praktisk vurdering av språkferdigheit hos språkinnlærarar
  • kan reflektere over kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av andrespråks- eller framandspråkferdigheiter
  • kan kritisk evaluere eksisterande vurderingssystem og -praksisar
  • kan ta del i fagleg arbeid i tilknyting til språktesting og språkvurdering.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om testing og vurdering av språkferdigheiter hos fleirspråklege individ

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert studium
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
NORAN101, NORAN101-F, NOSPAN101 eller tilsvarande, NORAN105 og NORAN106
Studiepoengsreduksjon
Det er full overlapping mellom NORAN109, NORAN609 og NORAN119. Studentar som kombinerer NORAN109 med NORAN609 eller NORAN119 får inga utteljing i nye studiepoeng
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er en føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei innleveringsoppgåve på om lag 1000 ord. Oppgåva må godkjennast av faglærar.
Vurderingsformer

Digital skriftleg heimeeksamen på fire timar. Valfri målform.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 400 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium