Andrespråkslæring og -undervisning
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeNORAN124
- Talet på semester1
- Språk Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk, og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning. Såleis fell emnet naturleg i to delar, andrespråkslæringsteori og andrespråksdidaktikk, men dei to delane skal sjåast i samanheng.
Den språklæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. Sentralt står spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ.
Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der elevens tospråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisninga vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag, med vekt på opplæringssituasjonen i Noreg. Hovudfokuset er på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor.
I emnet inngår òg grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer språklege og læringsteoretiske problemstillingar.
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
- har innsikt i andrespråkslæringsteori
- har innsikt i kva som karakteriserer innlærarspråk
- har innsikt i språkdidaktiske spørsmål knytte til andrespråksundervisning
- har kunnskap om ulike tospråklege undervisningsmodellar
- har noko kunnskap om individuell tospråklegheit
Dugleik:
Studenten
- kan gjere greie for andrespråkslæringsteoretiske spørsmål
- kan analysere innlærarspråk i eit læringsteoretisk perspektiv
- kan reflektere over val av innfallsvinkel i andrespråksundervisninga
- kan reflektere over andrespråkslæring og andrespråksundervisning i lys av elevens tospråklegheit
- kan kritisk analysere og drøfte retningslinjer og styringsdokument som gjeld språkopplæring for minoritetsspråklege elevar
Generell kompetanse:
Studenten
- har tileigna seg eit læringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for å kunne undervise i norsk som andrespråk og vurdere undervisningstilbod for andrespråkslæring på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Følgjande emne har 10 studiepoeng overlapp: NORAN104, NORAN603, NORAN604, NORAN104-F, NORAN204-L.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningstype og -mengd:
Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.
Studentkollokvium.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Om lag 22 timar undervisning anten i form av førelesingar eller seminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Eit skriftleg arbeid på om lag 2000 ord. Valfri målform.
Det obligatoriske arbeidet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på seks timar. Kandidaten vel sjølv målform.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust. Der er og vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 750 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.
Litteraturlista vil vera klar innan 1. juni.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i norsk som andrespråk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 01.03.2022, 09:00
- Varigheit
- 7 timer
- Trekkfrist
- 15.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen