Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Andrespråkslæring- og undervisning for integrert lektorutdanning

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk, og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning. Såleis fell emnet naturleg i to delar, andrespråkslæringsteori og andrespråksdidaktikk, men dei to delane skal sjåast i samanheng.

Den språklæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. Sentralt står spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ.

Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der elevens tospråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisninga vert blir implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag, med vekt på opplæringssituasjonen i Noreg. Hovudfokuset er på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor.

I emnet inngår òg grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer språklege og læringsteoretiske problemstillingar.

Læringsutbyte

 Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

¿ har innsikt i andrespråkslæringsteori

¿ har innsikt i kva som karakteriserer innlærarspråk

¿ har innsikt i språkdidaktiske spørsmål knytte til andrespråksundervisning

¿ har kunnskap om ulike tospråklege undervisningsmodellar

¿ har noko kunnskap om individuell tospråklegheit

Dugleik:

Studenten

¿ kan gjere greie for andrespråkslæringsteoretiske spørsmål

¿ kan analysere innlærarspråk i eit læringsteoretisk perspektiv

¿ kan reflektere over val av innfallsvinkel i andrespråksundervisninga

¿ kan reflektere over andrespråkslæring og andrespråksundervisning i lys av elevens tospråklegheit

¿ kan kritisk analysere og drøfte retningslinjer og styringsdokument som gjeld språkopplæring for minoritetsspråklege elevar

Generell kompetanse:

Studenten

¿ har tileigna seg eit læringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for å kunne undervise i norsk som andrespråk og vurdere undervisningstilbod for andrespråkslæring på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 NORAN101, NORAN101-F, NOSPAN101 eller tilsvarande, NORAN105 og NORAN106

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp med NORAN124.

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med studierett ved integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Om lag 52 timar undervisning anten i form av førelesingar eller seminar.

Undervisningstidspunktet blir tilpassa praksisen til lektorstudentane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er obligatorisk å levere eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist. Det skriftlege arbeidet skal vere på omlag 2000 ord. Valfri målform.

Vurderingsformer

 Skriftleg skuleeksamen på seks timar. Kandidaten vel sjølv målform.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

 Karakterskala A¿F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskav.

Litteraturliste

 Pensumet er på om lag 750 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.

Litteraturlista vil vera klar innan 1. juni.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Fagmiljøet i norsk som andrespråk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    19.12.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    14.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted