Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gje ei grundigare, djupare og meir teoretisk forankra innføring i utvalde temaområde innanfor andrespråksfeltet enn det dei NORAN-emna studenten tidlegare har studert, gjev høve til.

Emnet kan femna om alle aspekt av det som fell under samleomgrepet andrespråkslingvistikk. Både språkstrukturelle, pragmatiske, læringsteoretiske, sosiolingvistiske og didaktiske problemstillingar kan verta handsama.

Kva for tema som blir fokusert og undervist i det einskilde semesteret, kan såleis variera frå år til år.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

  • Studenten har kunnskap om sentrale omgrep, teoriar og metodar innanfor andrespråkslingvistikk.

Dugleik:

  • Studenten kan drøfte og resonnere kritisk rundt sentrale faglege problemstillingar som er handsama i emnet, og kunne framstille dette skriftleg.

Generell kompetanse:

  • Studenten kan nytte kompetansen i andrespråkslingvistikk i yrkes- og samfunnssamanhengar der norsk som andrespråk er aktuelt.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar

EXFAC Språk og kommunikasjon

NOSPAN101 og NORAN105 eller NORAN101 eller NORAN101-F.

NORAN104, NORAN107, NORAN106.

Studiepoengsreduksjon
Overlappar ikkje med andre emne.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.

Studentkollokvium.

Rettleiing under skriving av bacheloroppgåva.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåve og motta rettleiing

Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve på inntil 5000 ord, skriven under rettleiing, og munnleg prøve. Kandidaten vel sjølv målform for bacheloroppgåva.

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege prøva

Det vert sett separate karakterar på eksamensdelane, og dei vert rekna om til éin endeleg karakter. Bacheloroppgåva tel 60 % og den munnlege prøva 40 %. Studenten må stå på begge eksamensdelane i same semester for å stå på eksamenen.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.

Litteraturlista vil vera klar innan 1. desember.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium