Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Norsk språk som andrespråk (fjernstudium)

Beskrivelse

Emnet Norsk språk som andrespråk har som mål å gje kunnskap om sentrale språklege likskapar og skilnader mellom ulike språk (språktypologi) og å gje ei grunnleggjande innføring i norsk språk sett i eit andrespråksperspektiv. Dette inkuderer norsk fonologi (lydsystem), morfologi (oppbygging og bøying av ord), syntaks (setningslære) og vokabular (ordforråd).

Norsk språk som andrespråk er ein del av nettstudiet Prisme, som også inkluderer emna Andrespråkslæring og -undervisning med vekt på barn og unge / Andrespråkslæring og -undervisning med vekt på vaksne. Prismestudiet gir studentane grunnleggjande kunnskap for å undervise i norsk språk til personar i alle aldrar som ikkje har norsk som morsmål.

Norsk språk som andrespråk er eit reint nettstudium på deltid med 50 % studieprogresjon og går kvart haustsemester, medan dei to andre emna som inngår i Prismestudiet går parallellt i vårsemesteret.

Målgruppe

Alle som underviser eller ønskjer å undervise i norsk språk til personar som ikkje har norsk som morsmål, og andre som har interesse eller behov for grunnleggjande kunnskapar om norsk som andrespråk.

Undervisning

Norsk språk som andrespråk er eit reint nettstudium. All undervisning skjer via læringsplattforma ved UiB, som studentane får tilgang til ved opptak til emnet. Studentane arbeider med studiet både individuelt og i grupper gjennom semesteret. Ein bør setje av ein god del tid til studiet fordi Prisme-emna vert rekna som arbeidskrevjande.

Bruk av læringsplattforma Mitt UiB er ein integrert og obligatorisk del av studiet. Her finn studentane ei rekkje ulike typar digitale hjelpemiddel: dokument med generelle råd, skriftlege nettleksjonar, videoar, lydfiler og øvingsoppgåver med løysingsforslag. Her deltek studentane aktivt i ei obligatorisk kollokviegruppe og er kollokvieleiar omlag to gonger i semesteret. Her leverer studentane dessutan inn ei obligatorisk oppgåve i to versjonar i løpet av semesteret etter fastsette fristar. I tillegg kan alle som ønskjer det, stille spørsmål og diskutere fagstoff med faglærarar og medstudentar i nettforum for dette.


Norsk språk som andrespråk startar opp med eit obligatorisk informasjonsmøte via læringsplattforma Mitt UiB ved studiestart.

Det vil deretter vere obligatoriske nettkollokvier onsdagar kl. 19.00 - 21.00 i vekene 35-47. Ikkje undervisning i haustferien veke 41.

Pensumliste hausten 2019:
https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/pensumliste_noran602h19.pdf

Pensum fordelt på modulane:
https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/fordeling_av_pensum_pa_de_enkelte_modulene_pa_noran602h19.pdf

Vurdering / eksamen

Skriftleg skuleeksamen på seks timar og ei rettleidd oppgåve på ca. 2500 ord. Skriftleg skuleeksamen tel 60 % og den rettleidde oppgåva 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på begge delane for å stå på heile eksamenen.

Kandidaten nyttar målform etter eige val.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjende og gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Ved nytt eksamensforsøk i det undervisningsfrie semesteret eller det påfølgjande undervisningssemesteret kan kandidaten velje om han vil ta opp igjen ein eller begge eksamensdelane. Kandidaten kan då levere inn att den rettleidde oppgåva frå undervisningssemesteret. Kandidaten har høve til å forbetre oppgåva, men kan ikkje få ny rettleiing.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Det er mogleg å søke om få avleggje skoleeksamen eksternt, det vil seie ein annan stad enn ved UiB. Meir informasjon om ekstern eksamen

Krav til datautstyr

Tilgang til datamaskin med oppkopling til Internett og e-post.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng å dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse.

Du lastar opp eventuell naudsynt dokumentasjon undervegs i søknadsprosessen.

Det er i tillegg krav om tilstrekkeleg norskkompetanse:

Dersom du ikkje har norsk som morsmål må du dokumentere norskferdigheiter på B2-nivå eller betre. Dokumentasjon i form av kursbevis lastar du opp elektronisk samtidig som du søker studieplass. Vi tilrår at du har norskferdigheiter på C1-nivå, for å få fullt utbytte av Prisme-emna.

Anbefalte forkunnskaper

Emnet Andrespråkslæring og -undervisning byggjer vidare på Norsk språk som andrespråk. Vi tilrår difor at du tek dette emnet først, dersom du planlegg å ta begge emna.

Tilbud om studieplass

Vi tek opp studentar kronologisk i den rekkefølgen søknadane blir registrerte.

Kontakt

Kontakt

Spørsmål om søknadsfristar og opptak?

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

Kontaktperson: Britt Bruland

Spørsmål om organisering av studiet, pensum, brukartilgang Mitt UiB?

Prisme-administrasjonen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier,

prisme@uib.no

Spørsmål om fagleg innhald?

Førsteamanuensis Helga Mannsåker

55 58 24 29

helga.mannsaker@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    05.12.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    21.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Haust 2019
Pris: NOK 9500
Søknadsfrist: Frist utløpt