Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Norsk språk som andrespråk (fjernstudium)

Beskrivelse

Emnet NORAN 602 Norsk språk som andrespråk har som mål å gje kunnskap om sentrale språklege likskapar og skilnader mellom ulike språk (språktypologi) og å gje ei grunnleggjande innføring i norsk språk sett i eit andrespråksperspektiv. Dette inkuderer norsk fonologi (lydsystem), morfologi (oppbygging og bøying av ord), syntaks (setningslære) og vokabular (ordforråd).

Norsk språk som andrespråk er ein del av nettstudiet Prisme, som også inkluderer emnet NORAN 604 Andrespråkslæring og -undervisning med vekt på vaksne. Prismestudiet gir studentane grunnleggjande kunnskap for å undervise i norsk språk til personar i alle aldrar som ikkje har norsk som morsmål.

Norsk språk som andrespråk er eit reint nettstudium på deltid med 50 % studieprogresjon og går kvart haustsemester, medan emnet NORAN604 går i vårsemesteret.

Målgruppe

Alle som underviser eller ønskjer å undervise i norsk språk for barn og vaksne som ikkje har norsk som morsmål, og andre som har interesse eller behov for grunnleggjande kunnskapar om norsk som andrespråk.

Undervisning

Norsk språk som andrespråk er eit reint nettstudium. All undervisning skjer via læringsplattforma Mitt UiB, som studentane får tilgang til ved opptak til emnet. Studentane arbeider med studiet både individuelt og i grupper gjennom semesteret. Ein bør setje av ein god del tid til studiet fordi Prisme-emna vert rekna som arbeidskrevjande.

Bruk av læringsplattforma Mitt UiB er ein integrert og obligatorisk del av studiet. Her finn studentane ei rekkje ulike typar digitale hjelpemiddel: dokument med generelle råd, skriftlege nettleksjonar, videoar, lydfiler og øvingsoppgåver med løysingsforslag. Her deltek studentane aktivt i ei obligatorisk kollokviegruppe og er kollokvieleiar omlag to gonger i semesteret. Her leverer studentane dessutan inn ei obligatorisk oppgåve i to versjonar i løpet av semesteret etter fastsette fristar. I tillegg kan alle som ønskjer det, stille spørsmål og diskutere fagstoff med faglærarar og medstudentar i nettforum for dette.

Norsk språk som andrespråk startar opp med eit obligatorisk informasjonsmøte via læringsplattforma Mitt UiB ved studiestart: Onsdag 19. august 2020 kl. 19.00 - 20.00

Det vil deretter vere obligatoriske nettkollokvier onsdagar kl. 19.00 - 21.00 i veke 35-40 og 42-48 (ikkje undervisning i haustferien, veke 41)

Vurdering / eksamen

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar: 3. desember 2020

Du vel sjølv kva for målform du vil nytte under eksamen. Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjende og gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Det er mogleg å søke om få avleggje skoleeksamen eksternt, det vil seie ein annan stad enn ved UiB. Meir informasjon om ekstern eksamen

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng å dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse.

Du lastar opp eventuell naudsynt dokumentasjon undervegs i søknadsprosessen.

Det er i tillegg krav om tilstrekkeleg norskkompetanse:

Dersom du ikkje har norsk som morsmål må du dokumentere norskferdigheiter på B2-nivå eller betre. Dokumentasjon i form av kursbevis lastar du opp elektronisk samtidig som du søker studieplass. Vi tilrår at du har norskferdigheiter på C1-nivå, for å få fullt utbytte av Prisme-emna.

Anbefalte forkunnskaper

Våremnet NORAN 604 Andrespråkslæring og -undervisning byggjer vidare på NORSK 602 Norsk språk som andrespråk. Vi tilrår difor at du tek dette emnet først, dersom du planlegg å ta begge emna.

Tilbud om studieplass

Vi tek opp studentar kronologisk i den rekkefølgen søknadane blir registrerte.

Kontakt

Kontakt

Spørsmål om søknadsfristar og opptak?

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no 

Spørsmål om organisering av studiet, pensum, brukartilgang Mitt UiB?

Prisme-administrasjonen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier,

prisme@uib.no

Spørsmål om fagleg innhald?

Førsteamanuensis Helga Mannsåker

55 58 24 29

helga.mannsaker@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Skriftlig eksamen vil ikke foregå på campus våren 2020. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    04.03.2020, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    19.02.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted

Tilgjengelege kurs

Haust 2020
Pris: NOK 12000
Søknadsfrist: 02.08.2020