Norsk som andrespråk (nettstudium)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om korleis det norske språket er bygd opp, og hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular
  • har kjennskap til sentrale språklege likskapar og skilnader mellom ulike språk
  • har kunnskap om kva ved det norske språket som kan vere spesielt vanskeleg å lære for ein som skal lære seg norsk som andrespråk, og kvifor dette er vanskeleg
  • har innsikt i kva språklege trekk som kjenneteiknar innlærarspråk

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere og tolke innlærarspråk på alle språklege nivå
  • har lært seg å bruke grammatikkbøker til å slå opp og finne stoff om språklege fenomen han treng å finne ut meir om
  • kan reflektere over kva språklege utfordringar personar som lærer seg norsk som sitt andrespråk, står overfor

Generell kompetanse:

Studenten

  • har ein kunnskapsbase om den norske språkstrukturen sett i eit komparativt og språkdidaktisk perspektiv som set han i stand til å kunne undervise i norsk som andrespråk og til å kunne tilføre ny innsikt i eige morsmål til personar som har norsk som førstespråk

Fulltid/deltid

Deltid.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert studium
Krav til forkunnskapar
Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå
Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.

Norskferdigheiter på C1-nivå.

Studiepoengsreduksjon
NORAN602 og NORAN101(-F) har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. NORAN602 og NOSPAN101 har 10 studiepoeng fagleg overlapp.
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til NORAN602 (Vidareutdanning).
Arbeids- og undervisningsformer

Nettbasert undervisning.

Undervisninga kan vere sett saman av tekst, video og lydfiler.

Studentane vert oppmoda til å samarbeide i grupper.

Studentane får oppgåver undervegs i kurset, som dei skal svare på individuelt. Studentane vert oppmoda til å diskutere nokre oppgåver saman før innlevering

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal skrive ei oppgåve på omlag 1500 ord.

Faglærar godkjenner den obligatoriske oppgåva. Obligatorisk oppgåve må vere godkjend for at studenten skal få ta eksamen.

Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

6-timars digital heimeeksamen

Valfri målform.

¿Ved fastsetjinga av karakter vert¿det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring

Karakterskala
Bokstavkarakterar A -F.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium