Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Norsk språk som andrespråk (fjernstudium)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeNORAN602
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning

Fulltid/deltid

Deltid.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert studium

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om korleis det norske språket er bygd opp, og hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular
  • har kjennskap til sentrale språklege likskapar og skilnader mellom ulike språk
  • har kunnskap om kva ved det norske språket som kan vere spesielt vanskeleg å lære for ein som skal lære seg norsk som andrespråk, og kvifor dette er vanskeleg
  • har innsikt i kva språklege trekk som kjenneteiknar innlærarspråk

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere og tolke innlærarspråk på alle språklege nivå
  • har lært seg å bruke grammatikk-bøker til å slå opp og finne stoff om språklege fenomen han treng å finne ut meir om
  • kan reflektere over kva språklege utfordringar personar som lærer seg norsk som sitt andrespråk, står overfor

Generell kompetanse:

Studenten

  • har ein kunnskapsbase om den norske språkstrukturen sett i eit komparativt og språkdidaktisk perspektiv som set han i stand til å kunne undervise i norsk som andrespråk og til å kunne tilføre ny innsikt i eige morsmål til personar som har norsk som førstespråk

Krav til forkunnskapar

Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.

Norskferdigheiter på C1-nivå.

Studiepoengsreduksjon

NORAN602 og NORAN101(-F) har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. NORAN602 og NOSPAN101 har 10 studiepoeng fagleg overlapp.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NORAN602 (Vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

Ein del av undervisninga vert gjeven i form av audio- og videogram og skrivne nettleksjonar. Ein minst like viktig del av undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er ein føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.

I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum i felles diskusjonsforum på nettet, deltek studentane òg i nettkollokviegrupper. Nettkollokvium går føre seg i "sanntid", i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett. Kvar student skal også presentere ei oppgåve for nettkollokviegruppa si og få rettleiing både frå medstudentar og faglærar (jf. obligatoriske arbeidskrav).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til ei oppgåve på om lag 1500 ord to gonger til fastsette fristar, først til nettkollokviegruppa og så til faglærar. I tillegg er det obligatorisk å kommentere oppgåvene til medstudentar i nettkollokviegruppa. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Deltaking i nettkollokvia er òg obligatorisk. Det vert stilt krav til aktiv deltaking etter nærare retningslinjer. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Digital skriftleg skuleeksamen på seks timar

Kandidaten nyttar målform etter eige val.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A -F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i norsk som andrespråk.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    20.02.2023, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    06.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted