Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Andrespråkslæring og -undervisning med vekt på barn og unge

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Nettbasert studium.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk (andrespråkslæringsteori), og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning (andrespråksdiaktikk). Emnet skal særleg gje innsikt i korleis barn og unge lærer norsk som andrespråk, og i opplæring av minoritetsspråklege barn og unge, og rettar seg spesielt mot lærarar som underviser i grunnskuleopplæring og i den vidaregåande opplæringa. Samtidig har emnet mykje generelt stoff som gjev kompetanse også for undervisning av vaksne.

Dei læringsteoretiske delane av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. I emnet inngår òg arbeid med innlærartekstar i eit læringsteoretisk perspektiv. Eit viktig spørsmål er spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ. Sentralt står også dei utfordringane som knyter seg til norskopplæring for barn og unge som ikkje har norsk som førstespråk, og særlege utfordringar desse elevane kan ha i tilknyting til fagopplæring.

Dei didaktiske delane av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der innlæraren sin fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisning vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Fokuset er hovudsakleg på opplæringssituasjonen i Noreg, med vekt på opplæringa for barn og unge i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Emnet tek òg opp ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har innsikt i andrespråkslæringsteori
  • har innsikt i kva som karakteriserer innlærarspråk
  • har noko kunnskap om individuell fleirspråklegheit
  • har innsikt i kva utfordringar som knyter seg til norskopplæring for barn og unge som ikkje har norsk som førstespråk, og særlege utfordringar desse elevane kan ha i tilknyting til fagopplæring
  • har kunnskap om ulike fleirspråklege undervisningsmodellar og om bruk av elevens førstespråk (morsmål) i undervisning
  • har kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer for opplæringa av andrespråksinnlærarar i Noreg generelt og med særleg vekt på barn og unge
  • har innsikt i språkdidaktiske spørsmål knytte til andrespråksundervisning med særleg vekt på opplæringa for barn og unge i grunnskulen og i vidaregåande opplæring

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan analysere innlærarspråk i eit læringsteoretisk perspektiv
  • kan reflektere over andrespråkslæring og andrespråksundervisning i lys av elevens fleirspråklegheit
  • kan reflektere over utfordringar og behov som knyter seg til barn og unges andrespråkslæring og særlege utfordringer for dei i fagopplæring
  • kan reflektere over val av innfallsvinkel i andrespråksundervisning generelt og særleg for barn og unge
  • kan kritisk analysere og drøfte læreplanar og aktuelle retningslinjer som gjeld språkopplæring for minoritetsspråklege personar i Noreg i alle aldrar

Generell kompetanse:

Studenten

  • har tileigna seg eit læringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for å kunne undervise i norsk som andrespråk for personar i alle aldrar og vurdere undervisningstilbod for andrespråkslæring på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte

Krav til forkunnskapar

Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå.

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101-F eller NORAN602 Norsk språk som andrespråk, EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande innføringsemne.

Norskferdigheiter på C1-nivå.

Studiepoengsreduksjon

NORAN603, NORAN604, NORAN104, NORAN104-F og det tidlegare emnet NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NORAN603 (vidareutdanning)

Arbeids- og undervisningsformer

Ein del av undervisninga vert gjeven som førelesingar i form av skrivne nettleksjonar, videoar og lydfiler. Ein minst like viktig del av undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er en føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.

I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum på nettet, deltek studentane òg i nettgrupper. Denne nettgruppeaktiviteten omfattar mellom anna nettkollokvium i "sann tid", i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett. Kvar student skal også presentere ei oppgåve for nettgruppa si og få rettleiing både frå medstudentar og faglærar (jf. obligatoriske undervisningsaktivitetar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til ei oppgåve på om lag 2500 ord to gonger til fastsette fristar, først til nettgruppa og så til faglærar. I tillegg er det obligatorisk å kommentere oppgåvene til medstudentar i nettgruppa. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Deltaking i nettkollokvia er òg obligatorisk. Det vert stilt krav til aktiv deltaking etter nærare retningslinjer frå faglærer. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på seks timar.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring. Kandidaten nyttar målform etter eige val.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjente og gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk

Vurderingssemester

Vår og haust (midtsemester)

Litteraturliste

Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet. Studenten skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer for opplæringa av andrespråksinnlærarar i Noreg.

I tillegg skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk som andrespråk, eitt for grunnskulen og eitt for den vidaregåande skulen.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.a

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Helga Mannsåker

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

E-post: prisme@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Oppgåve og skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    09.09.2019
    • Eksamensdel: Oppgåve

      Innleveringsfrist
      30.09.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      23.09.2019, 09:00
      Varigheit
      6 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted