Andrespråkslæring og -undervisning
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeNORAN604
- Talet på semester1
- SpråkNorsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Etter- og vidareutdanning.
Fulltid/deltid
Deltid.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Nettbasert studium.
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk (andrespråkslæringsteori), og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning (andrespråksdidaktikk).
Dei læringsteoretiske delane av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. I emnet inngår òg arbeid med innlærartekstar i eit læringsteoretisk perspektiv. Eit viktig spørsmål er spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ. Sentralt står også dei utfordringane innlærarar står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur der dei skal etablere nye liv.
Dei didaktiske delane av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der innlæraren sin fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisning vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Fokuset er hovudsakleg på opplæringssituasjonen i Noreg, med vekt på den organiserte opplæringa for innlærarar. Emnet tek òg opp ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har innsikt i andrespråkslæringsteori
- har innsikt i kva som karakteriserer innlærarspråk
- har kunnskap om individuell fleirspråklegheit
- har innsikt i kva utfordringar innlærarar står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur
- har kunnskap om ulike fleirspråklege undervisningsmodellar og om bruk av elevens førstespråk (morsmål) i undervisninga
- har kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer for opplæringa av andrespråksinnlærarar i Noreg
- har innsikt i språkdidaktiske spørsmål knytte til andrespråksundervisning
- har innsikt i pedagogiske problemstillingar, inkludert utfordringar kopla til digital dugleik
- har kjennskap til området arbeidsretta norskopplæring
Ferdigheiter:
Studenten
- kan analysere innlærarspråk i eit læringsteoretisk perspektiv
- kan reflektere over andrespråkslæring og andrespråksundervisning i lys av elevens fleirspråklegheit
- kan reflektere over utfordringar og behov som knyter seg til andrespråkslæring
- kan reflektere over val av innfallsvinkel i andrespråksundervisning
- kan kritisk analysere og drøfte læreplanar og aktuelle retningslinjer som gjeld språkopplæring for minoritetsspråklege personar i Norge i alle aldrar
Generell kompetanse:
Studenten
- har tileigna seg eit læringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for å kunne undervise i norsk som andrespråk for personar i alle aldrar og vurdere undervisningstilbod for andrespråkslæring på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte
Krav til forkunnskapar
Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå
Tilrådde forkunnskapar
NORAN101-F eller NORAN602 Norsk språk som andrespråk, EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande innføringsemne.
Norskferdigheiter på C1-nivå.
Studiepoengsreduksjon
NORAN603, NORAN604, NORAN104, NORAN104-F og det tidlegare emnet NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til NORAN604 (vidareutdanning).
Arbeids- og undervisningsformer
Ein del av undervisninga vert gjeven i form av skrivne nettleksjonar, videoar og lydfiler. Ein minst like viktig del av undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er en føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.
I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum i felles diskusjonsforum på nettet, deltek studentane òg i nettkollokviegrupper. Nettkollokvium går føre seg i "sanntid", i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett. Kvar student skal også presentere ei oppgåve for nettkollokviegruppa si og få rettleiing både frå medstudentar og faglærar (jf. obligatoriske undervisningsaktivitetar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere utkast til ei oppgåve på om lag 1500 ord to gonger til fastsette fristar, først til nettgruppa og så til faglærar. I tillegg er det obligatorisk å kommentere oppgåvene til medstudentar i nettgruppa. Instituttet gjev nærare retningslinjer.
Deltaking i nettkollokvia er òg obligatorisk. Det vert stilt krav til aktiv deltaking etter nærare retningslinjer. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.
Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på seks timar.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring. Kandidaten nyttar målform etter eige val.
Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjente og gyldige obligatoriske arbeidskrav.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet. Studenten skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer for opplæringa av andrespråksinnlærarar i Noreg.
Studenten skal gjere seg kjend med to trykte og/eller nettbaserte læreverk i norsk for minoritetsspråklege elevar, eitt for elevar i grunnskulen og eitt for elevar i den vidaregåande skulen.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Nina Schjetne
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: prisme@uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen
- Dato
- 11.05.2023, 09:00
- Varigheit
- 6 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen