Andrespråkslæring og -undervisning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk (andrespråkslæringsteori), og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning (andrespråksdidaktikk).

Dei læringsteoretiske delane av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. I emnet inngår òg arbeid med innlærartekstar i eit læringsteoretisk perspektiv. Eit viktig spørsmål er spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ. Sentralt står også dei utfordringane innlærarar står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur der dei skal etablere nye liv.

Dei didaktiske delane av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der innlæraren sin fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisning vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Fokuset er hovudsakleg på opplæringssituasjonen i Noreg, med vekt på den organiserte opplæringa for innlærarar. Emnet tek òg opp ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i andrespråkslæringsteori
  • har innsikt i kva som karakteriserer innlærarspråk
  • har kunnskap om individuell fleirspråklegheit
  • har innsikt i kva utfordringar innlærarar står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur
  • har kunnskap om ulike fleirspråklege undervisningsmodellar og om bruk av elevens førstespråk (morsmål) i undervisninga
  • har kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer for opplæringa av andrespråksinnlærarar i Noreg
  • har innsikt i språkdidaktiske spørsmål knytte til andrespråksundervisning
  • har innsikt i pedagogiske problemstillingar, inkludert utfordringar kopla til digital dugleik
  • har kjennskap til området arbeidsretta norskopplæring

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan analysere innlærarspråk i eit læringsteoretisk perspektiv
  • kan reflektere over andrespråkslæring og andrespråksundervisning i lys av elevens fleirspråklegheit
  • kan reflektere over utfordringar og behov som knyter seg til andrespråkslæring
  • kan reflektere over val av innfallsvinkel i andrespråksundervisning
  • kan kritisk analysere og drøfte læreplanar og aktuelle retningslinjer som gjeld språkopplæring for minoritetsspråklege personar i Norge i alle aldrar

Generell kompetanse:

Studenten

  • har tileigna seg eit læringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for å kunne undervise i norsk som andrespråk for personar i alle aldrar og vurdere undervisningstilbod for andrespråkslæring på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte

Fulltid/deltid

Deltid.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Nettbasert studium.
Krav til forkunnskapar
Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå
Tilrådde forkunnskapar

NORAN101-F eller NORAN602 Norsk språk som andrespråk, EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande innføringsemne.

Norskferdigheiter på C1-nivå.

Studiepoengsreduksjon
NORAN603, NORAN104, NORAN104-F og det tidlegare emnet NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til NORAN604 (vidareutdanning).
Arbeids- og undervisningsformer

Nettbasert undervisning.

Undervisninga kan vere sett saman av tekst, video og lydfiler.

Studentane vert oppmoda til å samarbeide i grupper.

Studentane får oppgåver undervegs i kurset, som dei skal svare på individuelt. Studentane vert oppmoda til å diskutere nokre oppgåver saman før innlevering

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal skrive ei oppgåve på omlag 1500 ord.

Faglærar godkjenner den obligatoriske oppgåva. Obligatorisk oppgåve må vere godkjend for at studenten skal få ta eksamen.

Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

6-timars digital heimeeksamen

Valfri målform.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring

Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Nina Schjetne
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium