Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Testing og vurdering av språkferdigheiter

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeNORAN609
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte.
  • Ressursar

Main content

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert studium

Mål og innhald

Emnet handlar om testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheiter. Sentrale tema er moderne språkvurderingsmetodar, kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av språkferdigheiter, og dei teoretiske føresetnadene som ligg til grunn for desse prinsippa. Emnet tek også opp etiske problemstillingar knytte til språktesting og testing i høve til fleirspråklegheit

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

· har kunnskapar om prinsipp for testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheit, og innsikt i dei teoretiske premissane som ligg under desse prinsippa

· har innsikt i moderne språkvurderingsmetodar

· ha innsikt i etiske problemstillingar knytte til språktesting.

Dugleik:

Studenten

· kan gjennomføre praktisk vurdering av språkferdigheit hos språkinnlærarar

· kan reflektere over kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av andrespråks- eller framandspråkferdigheiter

· kan kritisk evaluere eksisterande vurderingssystem og -praksisar

· kan ta del i fagleg arbeid i tilknyting til språktesting og språkvurdering.

Generell kompetanse:

Studenten

· har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om testing og vurdering av språkferdigheiter hos fleirspråklege individ

Krav til forkunnskapar

Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå eller karakter B eller A frå norskkurs på universitet/høgskule på trinn 3.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Det er full overlapping mellom NORAN609, NORAN109 og NORAN119. Studentar som kombinerer NORAN609 med NORAN109 eller NORAN119 får inga utteljing i nye studiepoeng.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NORAN609 (Vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er en føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å 1) delta i (minst) ein fagleg diskusjon med innlegg i diskusjonsforum, 2) bidra i gruppe til å utvikla felles svar på ei fagleg problemstilling, 3) kommentera medstudentar sine innleveringar.

Vurderingsformer

Digital skriftleg heimeeksamen på fire timar. Valfri målform.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har gyldige godkjente obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 400 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Fagmiljøet i norsk som andrespråk.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt