Testing og vurdering av språkferdigheiter

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet handlar om testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheiter. Sentrale tema er moderne språkvurderingsmetodar, kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av språkferdigheiter, og dei teoretiske føresetnadene som ligg til grunn for desse prinsippa. Emnet tek også opp etiske problemstillingar knytte til språktesting og testing i høve til fleirspråklegheit

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

· har kunnskapar om prinsipp for testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheit, og innsikt i dei teoretiske premissane som ligg under desse prinsippa

· har innsikt i moderne språkvurderingsmetodar

· ha innsikt i etiske problemstillingar knytte til språktesting.

Dugleik:

Studenten

· kan gjennomføre praktisk vurdering av språkferdigheit hos språkinnlærarar

· kan reflektere over kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av andrespråks- eller framandspråkferdigheiter

· kan kritisk evaluere eksisterande vurderingssystem og -praksisar

· kan ta del i fagleg arbeid i tilknyting til språktesting og språkvurdering.

Generell kompetanse:

Studenten

· har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om testing og vurdering av språkferdigheiter hos fleirspråklege individ

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert studium
Krav til forkunnskapar
Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå eller karakter B eller A frå norskkurs på universitet/høgskule på trinn 3.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Det er full overlapping mellom NORAN609, NORAN109 og NORAN119. Studentar som kombinerer NORAN609 med NORAN109 eller NORAN119 får inga utteljing i nye studiepoeng.
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til NORAN609 (Vidareutdanning).
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er en føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei innleveringsoppgåve på om lag 1000 ord. Oppgåva må godkjennast av faglærar.
Vurderingsformer

Digital skriftleg eksamen heimanfrå på fire timar. Valfri målform.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har gyldige godkjente obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 400 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i norsk som andrespråk.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium