Innføring i nordistikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane ei forståing av nordistikken som eit mangslunge fagfelt med ei rekkje ulike forskingsdisiplinar. Emnet gir innsikt i utvalde tema frå dei ulike disiplinane: nordisk litteratur, nordisk språk, norrøn filologi og norsk som andrespråk.

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap: Kandidaten

  • har grunnleggande kunnskap om utvalde tema frå nordisk litteratur, nordisk språk, norrøn filologi og norsk som andrespråk

Dugleik: Kandidaten

  • kan nytte kunnskapen i eigne språklege og tekstlege analysar
  • kan gi att og referere til innhaldet i vitskaplege og skjønnlitterære tekstar på ein god måte

Generell kompetanse: Kandidaten

  • er godt budd til vidare studium i nordistikk

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studenten må kunne lese bokmål, nynorsk, dansk, svensk og engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Full overlapping med NOLISP100, NOFI100 og NORAN120
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved bachelorprogramma i nordisk språk og litteratur, norrøn filologi og norsk som andrespråk.
Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 13 dobbeltimar undervisning som kombinerer førelesings- og seminarform.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere fire korte tekstar som svar på ei oppgåve i kvar av disiplinane nordisk litteratur, nordisk språk, norrøn filologi og norsk som andrespråk. Kvar tekst skal vere på om lag 350 ord, og faglærarane gir fagleg tilbakemelding på teksten. Dersom teksten er fagleg for svak, kan studenten måtte revidere han og levere på nytt. Tekstane kan skrivast på bokmål, nynorsk, dansk, svensk eller engelsk.

Det er obligatorisk å vere til stades ved minst 75 % av undervisninga.

Vurderingsformer
Heimeeksamen på fire dagar. Oppgåva blir gitt på bokmål og nynorsk. Svaret kan skrivast på bokmål, nynorsk, dansk, svensk eller engelsk. Den totale lengda skal ikkje overstige 3000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering, vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste

Pensumet tilsvarar ca. 650 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Den emneansvarlege fastset pensumet.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium