Hjerteavbilding i forskning
- Studiepoeng3
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeNORHEART901
- Ressursar
Hovedinnhold
Kursomtale
Undervisingsspråk
Engelsk
Kursinnhald
Kurset vil ta for seg dei mogelegheitene ekkokardiografi, hjarte CT og magnetresonanstomografi (MR) gjev innanfor hjarteforsking.
Målet med kurset er å fremme kunnskap, vitskapleg samspel og nettverksbygging mellom PhD kandidatar og forskarlinestudentar som brukar non-invasive hjarteavbildingsmetodar i si forsking.
Kurset vert arrangert av Norsk PhD skule i hjarteforsking (NORHEART) i samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB). For meir informasjon sjå: www.norheart.no
Læringsutbyte
Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten:
Kunnskapar:
- vere i kunnskapsfronten om teoretisk og praktisk nytte av ulike non-invasive hjarteavbildingsmetodar i klinisk og eksperimentell forsking
- kunne vurdere fordelar og ulemper i val av hjarteavbildingsmetodar
- kunne bidra til å utvikle ny kunnskap innanfor non-invasive hjarteavbildingsmetodar
Ferdigheiter:
- kunne planlegge og utføre eiga forsking med non-invasive hjarteavbildingsmetodar på høgt internasjonalt nivå
- kunne handtere komplekse metodespørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis innan hjarteavbilding
- gje og ta imot fagleg kritikk på eit høgt nivå
Generell kompetanse:
- drøfte og vurdere bruk av ulike hjarteavbildingsmetodar i forsking
- utveksle teknisk ekspertise og erfaring gjennom presentasjon av eiga forsking
- analysere og diskutere vitskapelege metodeartiklar
Undervisningsperiode
5. til 7. mars 2019
Studiepoeng
3
Formelle krav
Påmelding og -fristar
Påmelding gjennom Studentweb med frist 30.januar 2019.
Maksimalt 15 deltakarar.
Krav til forkunnskapar
PhD student eller forskarlinestudent i medisin eller helsefag. Noka erfaring med hjarteavbilding er ein fordel.
Tilrådde forkunnskapar
PhD student eller forskarlinjestudent i medisin eller helsefag. Noka erfaring med hjarteavbilding er ein fordel.
Inngår i opplæringsdel
PhD (valgfritt kurs)
Vurderingsform
Skriftlege fleirvalsoppgåver. Vurdering: bestått/ikkje bestått. >80% frammøte.
Kven kan delta
Kurset er ope for PhD studentar, forskarlinestudentar eller postdoktorar med rettleiingsansvar knytt til UiB eller NORHEART som treng kompetanse i hjarteavbilding.
Utfyllande informasjon
Utfyllande kursomtale
Kurset består av forelesningar, gruppearbeid og presentasjon av eiga forsking.
Kursvarighet 3 dagar (24 timar).
Kursdeltakarane må lese gjennom anbefalt kurslitteratur, ca. 120 sider state-of-the-art oversiktsartiklar som omhandlar bruk av dei hjarteavbildingsmetodane som kurset omfattar (40 timer). Kursdeltakarane må sende inn eit abstrakt på maks 1 side basert på eiga forsking (10 timer).
Kursdeltakarane må førebu ein 10 minutts abstraktpresentasjon og gruppearbeid (10 timar).
Program
Foredrag á 30 minutt
Internasjonalt foredrag á 45 minutt
Diskusjon
Gruppearbeid og presentasjonar av eiga forsking
Eksamen
Kontaktinformasjon
Postdoktor Helga Midtbø PhD
Hjarteavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus
Fagleg ansvar
Professor Eva Gerdts, Klinisk institutt 2, UiB
Kjernelitteratur
Utvalde state-of-the-art publikasjonar (ca. 120 sider) vil bli tilsendt minst 4 veker før kursstart.
Undervisningsstad
Hotel Zander K, Zander Kaaes gate 7, Bergen
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skoleeksamen
- Trekkfrist
- 01.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Undervisningsperiode
5. til 7. mars 2019