Hjem
Utdanning
Masteremne

Norsk fagdidaktikk for master i undervisning

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust. Tredje semester i Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.

Undervisningsstad

Bergen, Internett.

Mål og innhald

Emnet har som målsetjing å gi studentane eit fagleg grunnlag for den fagdidaktiske masteroppgåva og ei innføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor desse hovudområda:

- Norskfagleg sjølvforståing og danningshistorie

- Strategiar for språkkompetanse

- Det fleirkulturelle klasserommet

- Leseteori og litteraturundervisning

- Skriveteori og skriveopplæring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har kunnskap om norskfaget si utvikling.

- har kunnskap om teoriar om språk, språklæring og kommunikasjon.

- har kunnskap om språk, tekst og sjanger og kan sjå desse i eit kulturperspektiv.

Ferdigheiter

Studenten

- kan drøfte styringsdokument for norskfaget i høve til fagtradisjonar og fagutvikling.

- kan drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring i norskfaget i høve til kulturelle mål for skulen og i høve til ulike kulturelle føresetnader i skulen.

- kan undersøke læring i eige klasserom i norskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette skriftlig og munnleg.

- kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i norsk i høvet til alle dei ulike emna i skulefaget og kunne grunngje val og vurderingar i høve til eige fagsyn.

Generell kompetanse

Studenten

- skal kunne rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbytte.

- skal kunne reflektere over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål.

- skal ut frå sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

I tillegg til opptakskrava i sjølve studiet byggjer undervisninga på 200-nivået i nordisk språk og litteratur som her er dekt av emna NORMAU641 og NORMAU 642

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i undervisning med fordjuping i norsk ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert tre samlingar à to dagar i løpet av semesteret. I tillegg kjem noko digitaltbasert arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

For å kunne gå opp til eksamen i norsk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av dei obligatoriske aktivitetane går fram av semesterplanen.

Rettleiing på semesteroppgåva er obligatorisk

Vurderingsformer

Rettleidd semesteroppgåve som skal leverast innan tre veker etter at oppgåveteksten er utdelt. Oppgåva skal vera på omlag 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.

Studenten vel målform for semesteroppgåva sjølv

Rett og god språkføring vert vektlagd.

Karakterskala

Karakterskalaen A-F.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad.

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet. Pensumlista kan justerast av studenten om det er ønskjeleg. Dersom studenten endrar pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert fastsett av instituttet, og ho må godkjennast av den emneansvarlege.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitets-sikrings¬system.

Kontakt

Kontaktinformasjon

evu@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    22.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    07.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen